Gå til hovedinnhold

Klar med kvoteråd for brisling i vestlandsfjordane

Havforskingsinstituttet tilrår eit brislingfiske på opptil 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og framleis nullfiske i Nordfjord i 2022.

Sjå fleire bilde frå brislingtoktet på vår Facebook-side.

Forskarane kjem med eit eige råd for Trondheimsfjorden i november.

Råda bygger på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet. (Sjå faktaboks om toktet.)

Har vore god rekruttering i Hardanger og Sogn

– I år som i fjor såg vi mykje brisling i Hardangerfjorden, men mest eittåringar. Ein del av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme.

– I Sognefjorden var det også bra med fisk. Og der var det toåringane som dominerte, fortset ho.

Kvoteråda for begge desse fjordane blir sett ut frå medianfangsten i perioden 2002-2016, som i fjor.

Men nesten ingenting i Nordfjord

I Nordfjord fann forskarane så og seie ingen brisling på toktet, med unntak av eit flak med veldig liten brisling heilt ytst i fjorden.

Dette gjer at forskarane tilrår at det ikkje blir opna for brislingfiske i Nordfjord, også som i fjor.

Sjå heile det tekniske kvoterådet frå Havforskingsinstituttet. 

Råd for Trondheimsfjorden kjem

Seinare i haust skal forskarane måle mengdene brisling i Trondheimsfjorden som del av kystressurstoktet.

Først då kan dei seie kor mykje det vil vere forsvarleg å fiske der.

Fiskeridirektoratet set kvotane

HI driv overvaking av brisling i dei fjordane der fiskeriet går føre seg.

Det er HI som gir kvoteråd for kystbrisling. Fiskeridirektoratet set dei endelege kvotane.