Gå til hovedinnhold

Naturdebatt i Rosendalsveko: – Ekstra spennande i år


Ei folkemengd står utanfor Folgefonnsenteret i Rosendal, der eit telt er sett opp på kaia.
Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Når sommarferien er på hell og lokalvalet rett rundt hjørnet, er det duka for Rosendalsveko. Årets program er fullspekka av spennande diskusjonar om natur og klima.

For fjerde gong samlast politikarar, styresmakter, næringsliv og kunnskapsinstitusjonar til idémyldring og gode diskusjonar på kaia i Rosendal.

– Rosendalsveko har allereie vorte ein fast tradisjon, med inspirerande samtalar i vakre omgjevnadar. Årets program byr på alt frå løysingar for havbruket til korleis vi kan vareta klima og natur på same tid. Det er tema som er særs viktige – både i dag og for framtida, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. 

Rosendalsveko vert arrangert i samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Folgefonnsenteret og Universitetet i Bergen. Rosendalsveko 2023 går av stabelen frå 7. til 8. august. 

Havforskningsdirektør Nils Gunnar Kvamstø pratar med deltakarar på Rosendalsveko 2022. Han held eit tomt kakefat i handa og smiler breitt.
Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø deltok på Rosendalsveko for første gong i 2022. I år skal han tilbake igjen. Foto: Christine Fagerbakke/HI

Store problemstillingar med eit lokalt perspektiv

Rosendalveko 2023 har hovudoverskrifta «Natur og klima». Første dag vert innleia av klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) før diskusjonane vert sparka i gang. 

– Rosendalsveko har utvikla seg til å verte ein viktig arena der akademia, næringsliv og politikk møtest for å diskutere store problemstillingar med eit lokalt perspektiv. Årets Rosendalveko vert ekstra spennande med tanke på at vi i fjor fekk verdas første naturavtale, seier dekan Gunn Mangerud frå UiB. 

I løpet av to innhaldsrike dagar set vi søkelyset på kraft og natur, grøn næringsutvikling, berekraftig reiseliv og småbruket si rolle i klimaomstilling – for å nemne eit utval frå program-godteposen.

– Vi vonar mange vil legge turen til Kvinnherad desse dagane, for å verte oppdaterte og orienterte om særs viktige tema innan klima, natur og berekraft, som opptek oss alle, seier styreleiar i Folgefonnsenteret, Hans Inge Myrvold.

Vil du sikre deg billett til årets Rosendalsveko? Trykk her!