Gå til hovedinnhold

Toktrapport: Dette fann forskarane på sildegytetoktet

foto av skipsbaug med hav og soloppgang

Soloppgang bak Røst, der silda var.

Fotograf: Are Salthaug / Havforskningsinstituttet

Dei såg meir nvg-sild enn i fjor, men usikkerheita var større.

Og før du les vidare, minner vi om: Data frå sildegytetoktet er éin av fleire kjelder som blir brukt til å berekne storleiken på sildebestanden. Mengda sild forskarane har berekna på toktet er altså ikkje lik sildebestanden. Den bereknar dei først på seinsommaren gjennom det Internasjonale havforskingsrådet ICES.

Så til toktet

Kor ville forskarane først møte silda då dei jobba seg nordover frå Stad om bord på «Eros» og «Vendla», 13.-26. februar?

Svaret var Røst, altså endå lengre nord enn Træna i fjor. Dei største mengdene stod konsentrert vest av Lofoten.

– Anslaga våre tyder på at heile 87 prosent av silda stod vest av Lofoten, og kring 10 prosent vest av Vesterålen. Toktfunna frå dei siste to åra pluss fiskeriet tyder på at det viktigaste gyteområdet for nvg-silda no er i området vest av Lofoten og Røst, seier havforskar og toktleiar Are Salthaug.

Skrint på gyteområda i sør

Han viser til at silda heller ikkje i år har vandra sør til Buagrunnen og dei historiske viktige gyteområda utanfor mørekysten.

Rekna i vekt såg forskarane 18 prosent meir sild enn på toktet i fjor. Men usikkerheita i målingane var langt større.

skjermdump av bildet fra ekkoloddet
Slik ser sildestimane ut på forskarane sitt ekkolodd.

Stod klumpvis – som gjer målingane mindre sikre

– Det er fordi silda stod veldig klumpvis i år. Dermed varierte dei akustiske observasjonane våre mykje, og nokre få sterke registreringar drog opp totalen, forklarer Salthaug.

Den sterke 2016-årsklassen utgjorde 42 prosent av fangstane (i vekt) og dominerte dermed bestanden.

På andre plass har vi dei no ti år gamle fiskane frå 2013 som utgjorde om lag 12 prosent av bestanden, målt i vekt.

– Silda var kome kortare i modninga enn i fjor, som kan tyde på seinare gyting – ganske likt som i 2019, fortel Salthaug avslutningsvis.

Sjå toktrapporten

Are Salthaug og Erling Kåre Stenevik. Distribution and abundance of Norwegian spring-spawning herring during the spawning season in 2023.  Rapport fra havforskningen 2023-21. Klikk her for å gå til rapporten.

HTTP/1.0 200 OK Server: Zope/(2.13.22, python 2.7.18, linux2) ZServer/1.1 Date: Wed, 24 Apr 2024 09:02:48 GMT Access-Control-Allow-Headers: x-requested-with,content-type Charset: utf-8 Connection: close Access-Control-Allow-Credentials: True Access-Control-Allow-Origin: * Access-Control-Allow-Methods: GET, OPTIONS Content-Type: text/html Toktrapport: Dette fann forskarane på sildegytetoktet | Havforskningsinstituttet Gå til hovedinnhold