Gå til hovedinnhold

Har identifisert 33 framande artar i hamner i Rogaland


En kollasj sammensett av tre bilder. Øverst til venstre er et bilde av rødalgen djevletunge som vokser på en flytebrygge. Neders til venstre er et begroingspanel som er tilvokst av dyr og planter. Til høyre er et bilde av to kvinner i strandkanten.

Ei rekkje ulike metodar har vorte brukte i pilotundersøkinga. Ragni Olssøn og Siri Aaserud Olsen har mellom anna brukt ein handhalden grabb til å ta prøver av sediment og dyr i sedimentet.

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Havforskarane har testa metodane som kan gjere det mogeleg å halde auge med kva framande artar som dukkar opp langs kysten.

Ni pleksiglasplater vert senka ned under vasskorpa i ei hamn i Egersund. 

Der skal dei henge i ro og mak i fleire månadar, medan båtar susar rundt på overflata, fisk sym forbi og plankton driv med straumane.

Fem månadar seinare, er havforskar Vivian Husa tilbake. 

Ho heiser oppatt platene, som no har grodd til med algar og dyr. Desse skal ho ta i nærare augesyn: Gøymer det seg spor av framande artar her?

To begroingspanel - den ene fullstendig dekket til av planter og dyr, den andre med mye mindre groe.
Slik såg begroingspanela ut etter fem månadar i sjøen. Foto: Havforskingsinstituttet

Sju dørstokkartar

Desse begroingsplatene er del av ein ny pilotstudie frå Havforskingsinstituttet. 

Vi har undersøkt kor effektive ulike metodar – både nye og «gamle» – er til å oppdage framande artar langs kysten vår. Resultata er samanfatta i ein fersk rapport, utført på oppdrag frå Miljødirektoratet. 

Og metodane har gjeve resultat:

– Til saman identifiserte vi 33 framande artar. Av desse var sju nye dørstokkartar som ikkje er etablerte i Noreg frå før, og desse fann vi fleire stadar, fortel Husa. 

Dørstokkartar er artar som ikkje høyrer heime i Noreg, men som sannsynlegvis vil etablere seg i naturen vår på sikt. 

Tre hamner under lupa

For å granske metodane, har havforskarane kartlagt tre travle hamner i Egersund, Stavanger og Tananger. Desse ligg i område som tidlegare har vorte definerte som høgrisiko for framande artar. 

I kvar hamn vart tre stasjonar undersøkte med fleire ulike metodar. Frå den såkalla Rapid Coastal Survey (RCS), som inneber at forskarane på førehand lagar ID-kort for artar ein skal vere merksame på, til strandsøk, dyreplanktonprøver og teiner. 

En teine med en ål i.
Teiner agna med reker vart brukte for å fange mobil fauna på grunna. Foto: Havforskingsinstituttet

– Vi har også undersøkt ei heil rekkje genetiske metodar, som miljø-DNA, forklarar Husa. 

Miljø-DNA – òg kalla eDNA – er arvestoffet levande organismar avgir til miljøet rundt seg. Dyr som lever i havet etterlet nemleg genetiske spor i farvatna dei ferdast, gjennom til dømes avføring, hudceller eller skjel.

DNA-analysar gjev flest treff

– Det er utruleg at vi kan fange opp så mykje i DNA-analysar av vassprøver. Dei gav gode indikasjonar på førekomsten av framande artar, seier Husa. 

eDNA-analyser av vassprøver var enkeltmetoden som gav flest funn i pilotstudien.

Dei konvensjonelle metodane i pilotstudien registrerte 307 marine artar, av desse var 19 artar framande artar eller risikovurderte dørstokkartar. 

DNA-analysane viste 2268 marine artar, der 26 artar var framande og dørstokkartar. 

Men DNA-metodane har også sine ulemper:

– Ein får veldig lange artslister, og det vert omfattande å undersøke om alle artane verkeleg er her, seier forskaren. 

Det eine er at genbankane kan by på feilkjelder – DNA-sekvensar kan til dømes vere frå artar som er feilbestemt, eller to artar som er nærståande kan ha ein identisk sekvens, men skilje seg frå kvarandre i korleis dei ser ut. 

– I tillegg kan det vere forureining i prøvene. Om du får treff for ein framand fiskeart som berre eksisterer i Kina, så kan det vere han vert brukt som ein ingrediens i sjømat, og dukkar opp grunna kloakk i hamna, forklarar Husa. 

Dei sju dørstokkartane forskarane identifiserte i pilotstudien vart funne fleire stadar, så desse har forskarane god grunn til å tru er her. 

Tilrår både etablerte og nye metodar

Med bakgrunn i pilotstudien, tilrår havforskarane ein kombinasjon av etablerte metodar og DNA-metodar i eit framtidig nasjonalt program for overvaking av framande artar i Noreg. 

– Dei vanlege metodane gav gode bevis på at ein art var i området, men DNA-analysen gav indikasjonar på at fleire framande artar kunne vere til stades, forklarar Husa. 

Tidleg varsku

Tidlegare forsking har vist at framandartar som djevletunge og hamnespy, som er påvist fleire stadar langs norskekysten, truleg haika hit som groe på båtar.

Djevletunge som vokser på en flytebrygge.
I pilotstudien fann forskarane rikt med djevletunge i Stavanger hamn, noko som kan tyde på at arten spreier seg fort. Foto: Havforskingsinstituttet

Vivian Husa peikar på at eit nasjonalt overvakingsprogram kan gje varsku om problematiske nykomarar og viktig informasjon om korleis ein kan imøtegå desse: 

– For å forstå omfanget av framande artar i Noreg, og i kor stor grad dei påverkar økosystemet, er det avgjerande å kartlegge og overvake spreiinga. 

 

Referanse:

Vivian Husa (IMR), Frode Fossøy NINA, Marie Davey NINA, Ann- Lisbeth Agnalt (IMR), Hege Bransegg NINA, Leif Bruntveit, Mette Eilertsen «Overvåkning av fremmede marine arter i Norge. En pilotstudie for innføring av et nasjonalt program» Rapport fra havforskningen 2024-1