Gå til hovedinnhold

Leppefisk: blir ikkje overfiska, men flytting kan medføre risiko


Grønngylt under vann.

Grøngylt (Symphodus melops) er ein av fleire artar leppefisk. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Forskarane er so langt lite bekymra for talet på leppefisk som vert fanga langs kysten vår. Samstundes er dei skeptiske til at den vert flytta over store geografiske avstandar.

– Det gjer at lokal leppefisk kan bli utsett for både nye sjukdomar og genetisk påverknad, seier forskar Nina Sandlund.

Spreiing av sjukdomar kan skje mellom ulike område på denne måten, og rømt leppefisk kan gyte saman med den lokale leppefiskbestanden. Genetiske studiar av grøngylt i Trøndelag har vist at det har førekomme innkryssing av fisk med genetisk opphav frå Skagerrak-området.

 – Dette kan berre skuldast at fisk er transportert frå Skagerrak-området og til Trøndelag, før den har rømt frå oppdrettsanlegget som den vart plassert i, seier Sandlund.

Dette kjem fram i årets utgåve av Havforskningsinstituttet (HI) sin risikorapport for norsk fiskeoppdrett.

Årleg vert det fiska fleire millionar leppefisk

På Vestlandet var det i fjor ein fangstkvote på 10 millionar leppefisk, på Sørlandet og nord for 62° nord kunne ein fange 4 millionar fisk. Desse kvotane er vidareførte i år.

– Fangststatistikken viser at det på Vestlandet vart fanga omtrent så mykje som kvoten tilsa, nord for 62° nord og især på Sørlandet var tala litt lågare, fortel forskar Anne Berit Skiftesvik.

Vert brukt som luseetarar i oppdrettsanlegg

Leppefisk er eit samleomgrep for fleire artar der grøngylt, bergnebb, grasgylt og berggylt inngår. Oppdrettsnæringa brukar desse fiskane som reinsefisk, det vil seie at dei skal ete lus av laksen.

Tidlegare var forskarane bekymra for bestanden av berggylt, men etter at det vart sett eit høgare minstemål og også innført eit maksimalmål for denne arten, er denne bekymringa borte.

– I fjor såg vi ikkje nedgang i nokon av dei fire bestandane, men berggylt er framleis den arten det er minst av, seier Skiftesvik.

Viktig å ha minste- og maksmål

Skiftesvik trekk fram at bruken av minstemål i fangsten av dei fire leppefisk-artane er ein viktig faktor som saman med dei andre reguleringane gjer at bestandane held seg stabile.

– Minstemål gjer at fisken vert gamal nok til å bli kjønnsmoden. Sidan artane har ein del forskjellar i både vekst og levevis, er det eit minstemål til kvar art, seier Skiftesvik. 

For berggylt er det også innført eit maksmål.

– Berggylt skiftar kjønn. Første delen av livet er dei hoer, og dei som lever lenge nok, vil gå over til eit liv som hannfisk, forklarar ho.

Kjønnsskiftet skjer vanlegvis når fisken når 34–35 cm.

Det er dei største hofiskane som produserer mest egg, derfor er maksmålet sett slik at desse er verna. I tillegg er alle hannfiskane også verna, sidan dei vil vere større.

– Det er viktig med nok hannar i bestandane sidan dei beskyttar egga som er festa til underlaget, mot predasjon frå andre artar, seier ho.

Kan ta litt tid før dei store fiskane er tilbake

Men forskarane legg merke til at fisket i nokre område har effekt på kva ein ser:

– I nokre område kan det i periodar vere ei overvekt av små fisk og lite av dei største. I desse områda kan det ta litt tid før dei minste fiskane har vakse seg store, seier ho.

Kor lang tid det tar, vil vere avhengig av art.

– Til dømes veks grøngylta fort, medan bergnebb legg energien i å bli tidleg kjønnsmoden og gyte frå den er forholdsvis liten. Det gjer at den veks sakte, men til gjengjeld har den gytt fleire gongar før den vert stor nok med tanke på minstemålet for denne arten, seier Skiftesvik.

I tillegg til veksthastigheta er det viktig å vere klar over at eldre bergnebb gyt fleire egg enn dei yngste.

Høg dødelegheit på reinsefisk i oppdrettsanlegg

Det er høg dødelegheit på leppefisk som vert brukt i oppdrettsanlegg.

– I dag er det mest grøngylt som vert fiska og brukt som reinsefisk, men for denne arten har det vore rapportert om svært stor dødelegheit hos nokre oppdrettarar, seier Skiftesvik.

Basert på det, har enkelte oppdrettarar no sagt at dei vil gå vekk frå grøngylt som utgjer omtrent 70 prosent av fangstane på Vestlandet, og over til å bruke bergnebb som kanskje klarar seg betre i merden.

Endringar får konsekvens for kvoteråd og risikovurdering

– Dersom det skjer, kjem det truleg til å få konsekvensar for kvoterådet som vi gir på leppefisk, seier ho.

I årets risikovurdering har forskarane vurdert alle dei tre mest brukte leppefisk-artane som i god forfatning.

– Dersom fiskepresset på bergnebb aukar, og det til dømes vert fiska bergnebb og ikkje grøngylt, vil det kunne få konsekvensar for bestanden. Derfor vil det truleg bli nødvendig å endre kvoterådet dersom ei slik endring oppstår, seier Skiftesvik.

Sesongen for å fange leppefisk startar i midten av juli. Det er foreløpig ikkje avklart om det vert endringar i kva artar oppdrettarane vil bruke. Det er forvaltinga som avgjer kor mykje det er lov å fiske. HI gir råd om kor mykje som kan fiskast utan at bestanden vert for låg.