Gå til hovedinnhold

Skal forska på konsekvensane av færre rovdyr i havet


Montasje med tre bilder. Et av en mann som smiler til kamera, et av en steinbit på havbunnen og det tredje viser kråkeboller på svaberg.


 

Fiskeri fører til at det blir færre av dei største og eldste rovfiskane. Kva betyr det for økosystema? 

–  Vi veit at mange kystnære økosystem er under sterkt press, også nord i Europa, seier forskar Even Moland ved Havforskingsinstituttet (HI).  

– Eit døme på ein region der vi finn slike sterkt pressa leveområde under vatn er Kattegat–Skagerrak. 

Fiskeri påverkar leveområda til fisk og andre marine dyr 

Ein stor del av «belastninga» på kysten heng i hop med fiskeria. 

– Fiske påverkar marine økosystem og leveområde direkte og reint fysisk, for eksempel med at havbotnen blir tråla. Men det er også meir indirekte effektar, forklarar Moland. 

Ein av dei meir indirekte effektane står no heilt sentralt i eit nytt EU-prosjekt som Moland og HI skal leia dei neste fire åra, MARHAB. 

– Det handlar om tap av dei største og eldste rovdyra, eller rovfiskane. 

Kva konsekvensar får det om dei største og eldste blir fiska bort? 

Eit økosystem er forteljinga om at «alt heng i hop med alt». Ein kan også snakka om «soga om kven som et kven». 

Som på landjorda finn vi i havet både «gras», beitedyr som et gras, og større dyr som et dei mindre dyra igjen. Og som vi kanskje hugsar frå naturfagstimen: Det er langt færre av dei store rovdyra på toppen av pyramiden, enn kva det er av graset nedst. 

Men når vi fiskar, så fiskar vi jo helst på storfisken, for det er den vi vil ha til middag. 

– Når vi tek bort ein stor del av dei store, eldre rovfiskane, gjer det ringverknadar i økosystemet. Slike ringverknadar kallar vi på forskarspråket for «trofiske kaskadar». Vi må finne måtar å bremse slike kaskadar på, gjennom natur- og fiskeriforvaltning, seier Moland.  

– Eit døme på ein trofisk kaskade kan vera at det blir enorme mengder kråkebollar fordi ein fjernar dei som skulle ha ete kråkebollane. Og så glefser kråkebollane i seg rubbel og bit av plantene på havbotnen. Ein står då igjen med ein tam ørken, i staden for eit mangfald av artar i ein levande tareskog. 

kråkebolle og sjøstjerne på havbunn
Når ingen et kråkebolle lenger, så blir det fort litt for mange av dei. Det får følgjefeil. Foto: Erling Svensen/HI 

Har som mål å forbetra forvaltinga av marine leveområde 

Målet med det nye EU-prosjektet er å betre forstå ringverknadane av færre rovdyr i økosystema, og finne gode strategiar for å behalde funksjonane deira også der fisket held fram. 

Slik at ein kan fiska, men samtidig sikre at det blir igjen nok av dei store og gamle rovfiskane til å halde systemet «i sjakk» – sjølv om klimaet er i endring.  

– Vi ynskjer å foreine viktig kunnskap frå arealbasert vern av biologisk mangfald med tradisjonell fiskeriforvalting.

figur som viser stegene i forskningsprosjektet
Figuren viser metoden forskarane skal jobbe etter i det nye EU-prosjektet. Figur: MARHAB/Havforskingsinstituttet 

MARHAB-prosjektet skal visa korleis måla til dei to tilnærmingane kan verta meir samkøyrde, og korleis fiskeriforvaltinga også kan ta vare på dei store individa og funksjonelt viktige rovfiskane.      

Kattegat–Skagerrak-regionen blir eit pilotområde. 

– Spørsmåla er relevante også utanfor desse havområda, og prosjektet skal ha overføringsverdi til landa innafor og utanfor EU, avsluttar Moland.