Gå til hovedinnhold

Ny rettleiar syner om oppdrettstorsken er gytemoden


Oppdrettstorskar sym i eit kar

Ein ny protokoll syner korleis kjønnsmodning ser ut i oppdrettstorsk. Her eit illustrasjonsfoto av oppdrettstorsk i kar.

Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

Han let oppdrettarane vurdere kjønnsmodninga til fisken.

– Dette skal vere eit verktøy torskeoppdrettarar kan bruke for å undersøke modningsgraden på fisken i merdane sine, seier havforskar Maud Alix.

Den nye rettleiaren syner korleis oppdrettstorsken si modning ser ut – heile vegen frå fisken er umoden til han er utgytt. 

– Slik kan oppdrettarane enklare halde auge med om fisken nærmar seg kjønnsmodning. 

Den nye protokollen er utvikla på bestilling frå Fiskeridirektoratet. 

Risiko for villfisk

Gyteklar torsk i merdar er ingen tent med. Fisken brukar då all energien sin på å verte kjønnsmoden, heller enn å vekse, og kan vere ein potensiell trugsel for villtorsken.  

– Om oppdrettstorsk rømmer frå anlegg eller gyt i merdane, så risikerer ein på sikt genetisk innblanding av oppdrettstorsk i villtorsk-bestanden, forklarar Alix.

Dersom rømt torsk eller egg som er gytt i merdar spreier seg i lokalmiljø, kan desse utvikle seg til kjønnsmodne fiskar som gyt saman med villtorsk. Over tid vil det kunne påverke gena og eigenskapane til kysttorsken, særleg i små og sårbare bestandar. 

Tidlegare forsking frå Havforskingsinstituttet har synt at sjølv 6. generasjons oppdrettstorsk kan gyte i kar på land, og at egga kan overleve. Egg frå oppdrettstorsk er funne i eit område kor ein hadde mistanke om rømming av oppdrettstorsk frå eit anlegg i regionen.

Tidleg varsel

Rettleiaren rommar fleire bilete av kvart modningsstadium, skriftlege skildringar, samt ein mal for korleis ein skal ta prøver av fisken for vidare mikroskopisk analyse.

Er gonadane til hanntorsken små, ser ut som ein streng, består av to lobar og ligg under leveren og fordøyelseskanalen, langs svømmeblæra? Då har du ein umoden hannfisk føre deg. 

– Malen skal vere eit hjelpemiddel som let oppdrettarane ta grep før det er ein fare for at fisken kan gyte i merden, seier Alix.

Referanse: 

Maud Alix og Birgitta Norberg (HI), Protokoll for vurdering av modningsgrad hos oppdrettstorsk. Rapport fra havforskningen 2024-8