Gå til hovedinnhold

Her lovar statsministeren ein milliard til polarforsking


En mann står på en scene framfor en fullsatt sal

Statsminister Jonas Gahr Støre annonserte at regjeringa gir 1 milliard til polarforsking over ti år i ein pressekonferanse på Fiskerihøgskolen på UiT i Tromsø.

Fotograf: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Polhavet 2050 samlar eit landslag av Noregs fremste polarforskarar.

Tysdag annonserte statsminister Jonas Gahr Støre at regjeringa satsar stort i Arktis. Forskingsprosjektet Polhavet 2050 får 1 milliard kroner over ti år.  

– Det vert eit historisk løft. Når Polhavet skifter frå kvitt til blått, er det ein stor boks som opnar seg. Vi kan noko, men det viktigaste er alt vi ikkje veit, sa Støre under pressekonferansen.

Polhavet 2050 samlar eit landslag av Noregs fremste polarforskarar frå 18 institusjonar over heile landet, og Havforskingsinstituttet er ein av desse. 

Prosjektet skal famne breitt og ta føre seg både sikkerheit, geopolitikk, havrett, miljø, klima og energi. Det vert Noregs største forskingsprosjekt.

iisbryter i polhavet
Det er forskarane bak dei tidlegare polarsatsingane Aiven etter Nansen og GoNort som har gått saman om Polhavet 2050. Her er «Kronprins Haakon» i isaudet, i samband med Arven etter Nansen.
Foto: Andreas Wolden / Havforskingsinstituttet 

Mykje kunnskap for kvar krone

Forskingssjef hos HI, Maria Fossheim sit i styret til Polhavet 2050. Ho gler seg over pengedrysset og peikar på at kvar krone kan føre til uvurderleg kunnskap:

– Polhavet er det området i verda som endrar seg mest dramatisk som følgje av klimaendringane. Dei oseanografiske og økologiske vilkåra i «havets fryseboks» er i endring. På toppen av dette kjem auka menneskeleg påverknad. Forvaltinga og storsamfunnet treng kunnskap og råd inn i dette, og med det har HI lang erfaring. 

For HI sin del kjem det mellom anna til å handle om atlantifisering og borealisering av Polhavet – varmare vatn og mindre is, og meir varmekjære artar som valfartar nordover.