Gå til hovedinnhold

IBTS-toktet: Slik gjekk det i Nordsjøen


Om bord på tråldekket på et forskningsfartøy

Her testar toktdeltakarane ein ny type trål, ein såkalla «JTS-trål». Denne skal erstatte «GOV-trålen», som har vorte brukt på IBTS-tokt i over 30 år. Men først, skal den nye trålen gjennom testar og kalibrering for å sikre at tidsseriane og bestandsmodelleringa ikkje vert påverka i for stor grad av trålbyte. 

Fotograf: Yves Reecht / HI

Det internasjonale botntråltoktet er ferdig.

– Årets tokt hadde eit ganske heftig program, seier havforskar Côme Denechaud.

Han var toktleiar på årets sommarutgåve av det internasjonale botntråltoktet (IBTS), som nyleg var ferdig. 

I løpet av tre veker til sjøs har toktdeltakarane på «G.O. Sars» teke prøver og målingar frå 60 plankton- og eggstasjonar og 53 botntrålhal. CTD-en som måler temperatur, salthaldigheit og djupne har vorte sendt over bord på 125 stasjonar.

En mann og en kvinne sitter på hver sin side av et sorteringsbord på et forskningsfartøy.
16 forskarar og teknikarar frå HIs forskningsgrupper Botnfisk, Pelagisk, Fiskeri, Plankton og Miljøkjemi deltok på toktets ulike delar. Her er det Vidar Fauskanger og Guri Nesje som samarbeider om prøvetakinga.
Foto: Côme Denechaud / HI

Torskefisk, sjeldne syn og ei rusta tønne 

Toktet føregår to gongar kvart einaste år – ein gong i vinterhalvåret og ein i sommarhalvåret. 

– Fleire land samarbeider for å dekkje heile Nordsjøen under toktet, og dataa vert brukte direkte i forvaltinga av dei viktigaste artane i dette området, forklarar Denechaud

Noreg plar ha ansvar for den nordaustlege delen, men stasjonane våre strekker seg heilt til Shetland. I tillegg til dei vanlege snitta og IBTS-stasjonane, har toktdeltakarane testa og kalibrert ein ny trål.

I år vart det registrert til saman 200 forskjellige artar. Mest talrike var hyse, kviting og sei. 

– Vi fekk også nokre spennande funn, som ei kritisk truga storskate. Denne målte vi, før vi slapp ho ut att levande. I tillegg fekk vi opp ei rusta oljetønne som no husar hundrevis av egg frå havsnigle, fortel toktleiaren.

En skate
Storskata er Noregs største skate. Ho er klassifisert som kritisk truga av Artsdatabanken. Skata vart sloppen ut att levande.
Foto: Yves Reecht / HI

– Lenger nord og langs Norskerenna vart det framleis fangsta store tal sørlege artar som villsvinfisk (Capros aper) og blåkjeft (Helicolenus dactylopterus), som no er godt etablerte i Nordsjøen.

Overvaker også forureining i havet

Forskarane har også teke prøver for å overvake forureininga i havområdet. 

To gjester frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) var med på sommarens tokt.  DSA koordinerer Noreg si nasjonale overvaking av radioaktivitet i norske kyst- og havområde, der HI bidreg mellom anna med å ta prøver, opparbeide prøver og analysere radioaktive stoff. 

Samstundes driv HI også overvaking av organiske miljøgifter i norske havområdet. 

– Vi samla inn prøver frå 11 vasstasjonar, éin frå botnvatn og resten på overflata, som skal bidra inn i denne overvakinga og  åtte sedimentprøver. I tillegg samla vi prøver frå muskel og lever hos fisk for fleire av målartane fangsta på IBTS-stasjonar i visse område, seier Denechaud. 

Desse prøvene er no tekne i land, og skal verte analyserte for spor av miljøgifter, hydrokarboner, metall, radioaktivitet og biomarkørar. 

Resultata frå toktet kjem i ein eigen toktrapport.

Sjå fleire bilete frå toktet: