Gå til hovedinnhold

Frå bereposeteknologi til sanntidsdata: Årets brislingtokt er ein game changer

Kortare tokttid, sanntidsdata i skya og meir presise kvoteråd. Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra er med på brislingtoktet, som er eit vendepunkt for havforskinga.

Rett frå studiane i Australia til havforskingstokt i Oslofjorden: Prinsesse Ingrid Alexandra, og Kronprins Haakon, er med når Havforskingsinstituttet sjekkar tilstanden for kystbrislingen med heilt nye metodar. 

Først litt bakgrunn:

Ein  umanna farkost siglar rundt i Oslofjorden på eiga hand. Ingen kaptein i sikte, og heller ingen følgjebåt. 

«Frida» er på solo-oppdrag. 

For medan USV-en siglar på fjordoverflata, får forskarane tilsendt ekkolodd-bileta i tilnærma sanntid.   

Eit par desemberdagar seinare kastar forskingsfartøyet «Prinsesse Ingrid Alexandra» loss frå kaia i Horten – ho veit akkurat kor ho skal gå.

Implementert

Fjorårets brislingferd i Hardanger var ein milepåle i HI si digitalisering. Det var første gong vi fjernstyrte ein farkost frå operasjonssentralen vår i Bergen. 

I årets brislingtokt testar vi ikkje teknologien. Vi implementerer han. 

Første etappe var i Vestlandsfjordane og Trondheimsfjorden – i løpet av 18 dagar dekte USV-ane «Frigg» og «Frida» 1800 nautiske mil.  

– No tek vi steget fullt ut, seier toktleiar Florian Berg. 

foto av mann foran båt
Florian Berg er leder toktet i Oslofjorden. (Foto: Bente Kjøllesdal / HI)

– Vi har retta opp i alle småfeila vi oppdaga i første etappe, slik at alt er klart til full implementering av armada-strategien, der fleire farkostar samarbeider. 

Neste etappe er i Oslofjorden, der brislingen og andre pelagiske artar er eit lyspunkt i økosystemet.  

Frå arbeid heile døgnet til målretta tråling

Tidlegare brislingtokt har vorte gjennomførte med eit tradisjonelt forskingsfartøy åleine. 

– Då går vi på kryss og tvers av fjordane, og må vere på jobb heile tida medan vi er på tokt, seier Berg.  

Då dreg forskarane ut i «blinde». Dei har ein viss idé om kor brislingen står, men lyt først køyre att og fram i fjorden for å stadfeste med ekkolodd kor stimane er. Seinare trålar dei. 

Med umanna farkostar som rekognoserer først og sender bileta heim, går forskarane ut med fiske-fasiten i lomma. 

– Det vert målretta. Då legg vi ein plan på førehand, og utnyttar tråltida på forskingsfartøyet betre. Vi vert meir treffsikre og får betre prøver, seier toktleiaren.

Pensjonerer bereposeteknologien

– Dette er ein game changer, seier havforskar Espen Johnsen. 

– Det er første gong nokon har overført så mykje data, så kontinuerleg frå farkost til sky.

Han er sentral i HI sitt arbeid med å ta i bruk umanna farkostar til å mengdemåle fiskebestandar – som vi no gjer i brislingtoktet.

Dette er ein del av eit større satsing hos Havforskingsinstituttet, der vi utviklar metodikken som let oss ta i bruk ny teknologi – utan at det går på kostnad av arvesølvet: dei lange tidsseriane våre.

– Sidan mykje av arbeidet vårt har føregått på sjøen har det tidlegare vore komplisert å sende så store datamengder med den tilgjengelege bandbreidda, seier Johnsen. 

Men no dekkjer satellittar, 4G og 5G dei fleste krikar i krunglete norske fjordar.

– No har vi erstatta gamaldags teknologi – der vi manuelt laut flytte data frå fartøy til land. 

Treng framleis biologiske prøver

Tilbake i Oslofjorden har forskarane sikta seg inn på ein stor fiskestim utanfor Horten. Han plar stå same staden år etter år, og då «Frida» sigla forbi for eit par dagar sidan, fann ho han igjen.

På FF «Prinsesse Ingrid Alexandra» gjer mannskapet seg klare til å skyte ut trålen.

For endå umanna farkostar og lynraske dataløyper kan automatisere og effektivisere deler av toktet, er vi framleis avhengige av biologiske prøver

– Vi brukar trål til å hente ut «stikkprøver» av fiskestimane vi ser på ekkoloddet. Då får vi eit meir detaljert bilde av kva artar vi ser, og kva aldersfordeling vi finn innanfor dei ulike bestandane, forklarer toktleiar Florian Berg.

All fangst som vert teken om bord vert sortert og registrert. På dette toktet er det kystbrisling, havbrisling, sild og ansjos som er hovudfokuset.

– Vi sorterer fisk ut frå art og størrelse. Det er særleg viktig å vete forskjell på ungsild og brisling, seier Berg.

Forskingsteknikarane våre er drivne på dette, og dreg stødige fingrar langs buken på fisken. Brislingbuken er nemleg kvass, medan sildebuken er glatt.

foto av hånd med liten fisk i
Arkivfoto: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

– På brislingen og silda måler vi lengde og vekt, og vi tek ut øyresteinen for å lese alder på fisken. Vi ser òg på modning og på feittet dei har i magen, forklarar toktleiaren.

I tillegg tek vi genetikkprøver for å bestemme om det er kystbrisling eller havbrisling.

Sårbar ved fritt fiske

Innan dei igjen går i land, har forskarane fått eit bilete av korleis det står til med brislingen – teikna opp av dei akustiske målingane frå USV-en og dei biologiske prøvene.

Dette brukar forskarane til å rekne ut kor store brislingbestandane er.

– Brislingen plar stå veldig tett på små område. Difor er det også viktig å gje råd om kor mykje ein kan hauste frå bestanden – for han er sårbar for overbeskatning.