To heisekraner måtte til for å få "Frida" frå kaikanten til fjorden.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HavforskingsinstituttetPublisert: 31.01.2025
Den umanna overflatefarkosten «Frida» er komen til havbyen.
Ho er ein av dei to USV-ane Havforskingsinstituttet bestilte frå Kongsberg tilbake i 2021, og som vi har utvikla saman med bedrifta.
– Det er kjekt at «Frida» omsider er komen på plass, slik at vi kan setje ho i arbeid, seier Brede Fedje Andersen, medan han dreg i ei stropp her og ei stropp der for å manøvrere farkosten trygt frå lasteplanet til Byfjorden.
Han arbeider i fartøyinstrument-seksjonen, og er ansvarleg for USV-ane til HI.
Vår første USV «Frigg» vart levert i august i fjor. Han var i full sving allereie eit par veker etter ankomst, i det banebrytande brislingtoktet.
«Frida» og «Frigg» er begge del av framtidas havforsking – der digitalisering, droner og ny teknologi er viktige verktøy.
– Desse to Sounderane opnar for at vi kan samle akustiske data uhyre effektivt, seier forskingssjef Espen Johnsen.
Han leier også arbeidspakken i det strategiske endringsprosjektet NEMO som tek føre seg korleis vi kan bruke USV til å mengdemåle fiskebestandar.
– Brislingtoktet gav grunn for optimisme. For å byggje vidare på dette og ta dei neste stega, er det avgjerande at det gode samarbeidet mellom forskingssida, HI digital og rederi held fram, seier han.
«Frida» får ein tilsynelatande mjuk start på karrieren hos havforskinga, og får dyppa skroget i Byfjorden nokre dagar. Hennar første oppdrag vert truleg på tokt i nord i slutten av mars.
Dette skil seg ikkje så mykje frå dei større båtane våre, men:
– Den store forskjellen er at vi gjer det fjernstyrt og i ei ganske liten «innpakning» med dei fordelane det også kan ha når det kjem til ting som miljøpåverknad, støy, utslepp og redusert skremmeeffekt på fisk, forklarar Andersen.