Mykje lurv rundt ålegras på Bolærne.
Fotograf: Jonas Thormar / HavforskingsinstituttetPublisert: 16.07.2025
– Lurv er det folkelege namnet på fintråda algar. Desse veks raskt om det er varmt og mykje næringssalt i vatnet, forklarar marinbiolog Jonas Thormar.
Lurv har eit dårleg rykte.
Desse algane kan blomstre opp raskt om dei får gode vilkår. Dei kan vekse laust på botnen, dekke ålegras, sitje fast på fjell, tang eller tare. Dei breier om seg, om dei får mogelegheita.
Og dei konkurrerer med andre artar i økosystemet – som tare og ålegras.
– Trådalgane kan ta plassen og lyset frå desse viktige naturtypane, forklarar Thormar.
Tareskogen og ålegrasengene er både oppvekstområde for fisk og karbonlager – dei vert gjerne omtalt som våre undersjøiske regnskogar.
Her kan du sjå lite og mykje lurv i same ålegraseng på ulike tidspunkt av sesongen:
Endå lurv i Oslofjorden eller Skagerrak gjerne får mest merksemd, så kan algane førekome i heile landet.
– Norskekysten er lang, og det er store lokale variasjonar. Det er difor altfor dyrt å utføre tradisjonell overvaking av lurv. Det vert ekstra vanskeleg av at mengda lurv kan auke dramatisk på berre ei veke eller to, om forholda er gunstige, seier marinbiologen.
Og de er her de kjem inn – de som likar å vere ute, som spaserer langs stranda, skuar frå ein molo, tøffar rundt i ein småbåt, eller generelt har augo på stilk.
For å undersøke omfanget, inviterer Havforskingsinstituttet og Oslofjordens Friluftsråd til ei «Lurvehelg». Då treng vi DI hjelp til å kartlegge kor du ser – og kor du ikkje ser – lurv.
Slik kan lurv sjå ut:
Observasjonane skal bidra til å kartlegge både lokale og regionale variasjonar, noko som skal danne grunnlaget for ein meir omfattande overvakingsplan for 2026.
Då skal fokuset vere sesongvariasjon – frå første oppblomstring til kor vidt mengda varierer utover sesongen – og område med særleg høg førekomst.
– Det har ikkje vore gjennomført systematisk overvaking av lurv i Noreg tidlegare. Difor er det liten kunnskap om endringar over tid, avsluttar Thormar.