Gå til hovedinnhold

Marine hetebølgjer gjer vondt verre: «Lurv» tek over for tare og fisken skrumpar


Mange mange småfisk under vann

Resultata synte at fiskane frå vanlege familiar – som kutlingane og torskefiskane – var mindre i lurv enn i tareskog. Illustrasjonsbilete syner tangkutlingar. 

Fotograf: Erling Svensen / HI

Marine hetebølgjer forsterkar effektane av historisk overfiske langs kysten: fisken vert mindre når lurv erstattar tareskog.

Sukkertareskogane i Skagerrak er truga av stadig fleire og meir alvorlege marine hetebølgjer. 

– Når tareskogen forsvinn, vert han erstatta av trådforma algar. Det er desse vi kallar «lurv», forklarar havforskar Kjell Magnus Norderhaug. 

Havforskarane har granska følgjene av at tareskogen vert rydda, og «lurven» legg seg som eit teppe på havbotnen. 

Funna viser at marine hetebølgjer forsterkar historiske effektar av overfiske: 

– Fisken i kystøkosystemet vert mindre, seier Norderhaug.  

– At to så vidt forskjellige påverknadar som klimaendringar og fiske kan ha liknande følgjer i økosystemet er eit viktig og bekymringsverdig funn. 

Den blå skogen

Tareskogane er nøkkeløkosystem langs norskekysten. 

Dei husar eit kvelv av dyr. 

Nokre trivst gøymt på botnen og nokre utfaldar seg i «lysingane» mellom trekronene i den blå skogen. Andre lever livet langs stilken, på blada eller symjande mellom på jakt etter dekke og mat. 

Her vert fisk klekt og her veks han opp. Om natta kjem rovfisk inn frå djupet for å ete.

SUkkertare under vann
Forskarane har granska kva følgjene vert for fisk om lurv tek over for sukkertare. Korleis påverkar det strukturen og funksjonane til samfunna som held til i kystøkosystemet. 
Foto: Erling Svensen / HI

Fleire og mindre småfisk

Havforskarane har sett nærare på fiskesamfunn rundt øygruppa Bolærne, i ytre Oslofjord.

Området har varierande dekke av tare og lurv, men har elles like miljøvilkår og topografi.

Forskarane har analysert forskjellane i førekomst, storleik og samansetninga av bentisk fisk – fisk som lever nært havbotnen.

– Vi fann fleire fisk i desse teppedannande algane enn i tareskogen, men fiskane var mindre, seier Norderhaug. 

Gode jaktmarker

Studien tyder på at endringane i hus og heim gjev ulike utslag for ulike fiskar. Lurv-habitatet selekterer for småfisk. 

Saman med torskefiskar og leppefiskar, er kutlingar blant dei mest vanlege og talrike familiane i kystøkosystemet. 

Dei lever godt gøymde på havbotnen, der dei et virvellause dyr og sjølve er mat for større fisk. 

– Kutlingane var på den eine sida meir talrike i lurv-område, men dei var også mindre i størrelse. Dette kan tyde på at kutlingane er meir utsette for predasjonspress i opne habitat som lurv, seier Norderhaug. 

For torskefiskane er tareskogen særleg viktig medan dei er yngel. 

Tareskogen er deira oppvekstområde, rikt på skjulestadar. Når torskefiskane veks til vert dei omstreifande rovfiskar, og funksjonen endrar seg – då er tareskogen jaktmarka, der dei finn sitt neste måltid. 

– Funna våre tyder på at også lurv er eit godt jaktområde for slike rovfiskar som sym rundt. Det var like mange av desse som jakta i vassøyla i lurv som i tareskog. Småfisken på si side, såg ut til å unngå vassøyla i opne lurv-landskap, seier havforskaren. 

tangkutling
Resultata tyder på at rovfiskane er mindre påverka av habitatendringane frå tareskog til lurv, enn småfisk som denne tangkutlingen. 
Illustrasjonsfoto: Erling Svensen / HI

Forsvunnen fisk

Områda som havforskarane har undersøkt har bak seg eit hundreår med mykje fiske, noko som har sett sine spor. 

Fram til 1900-talet var kystøkosystemet dominert av tareskog og store rovfiskar, men på 2000-talet hadde desse svære ruggane forsvunne. 

 – Det vi ser er at marine hetebølgjer forsterkar desse effektane, seier Kjell Magnus Norderhaug. 

På 2000-talet auka frekvensen og intensiteten av marine hetebølgjer. Havforskaren peikar på at dette kan få øydeleggjande følgjer for næringsnettet langs kysten.

– Det kan føre til endringar som er vanskelege å reversere. Dei tjukke teppene av lurv som dekkjer havbotnen gjer det vanskeleg for taresporar å slå seg ned og vekse. 

Det kan verte ein vond sirkel for forsøka på å restaurere tareskogane. Marine hetebølgjer vert hyppigare med klimaendringar, noko som fører til at tareskogen forsvinn, lurven slår seg ned og så fortrengjer tareskogane frå å vekse til att. 

– Marine hetebølgjer kan såleis bidra til å låse eit habitat i ein nedbroten tilstand, dominert av små artar. Dette undergrev forsvaltingsinnsatsen som vert lagt i å restaurere større rovfisk, som i dag er avhengige og dreg nytte av tareskogen i oppveksten, avsluttar Norderhaug.

 

Referanse:

Norderhaug, K.M., Kleiven, P.J.N., Wernberg, T., Synnes, A.-E., Filbee-Dexter, K., Espeland, S., Thormar, J., Kartveit, K.H., Christensen, L. and Moland, E. (2025), More but Smaller: Marine Heatwaves Exacerbate Size Truncation in Overfished Fish Communities in the Skagerrak. Ecol Evol, 15: e71404.
​​​​​​​https://doi.org/10.1002/ece3.71404