Denne seikvalen vart merkt utanfor Azorane i april 2005. No har HI delt data frå denne seikvalmerkinga til ein heilt ny studie, der havforskar Erik Olsen i tillegg har bidrege til å skrive den vitskapelege artikkelen.
Fotograf: Rui Prieto (etter avtale)Publisert: 06.06.2025
12. april 2005:
Havforskingsinstituttet merker ein seikval utanfor Azorane.
Tidleg på våren er dette ein «rasteplass» for seikvalar som er på veg mot beiteområda sine lenger nord.
Men denne migrasjonen har aldri tidlegare vore studert.
I 43 dagar følgjer havforskarane seikvalen via merket, over Atlanterhavet til Newfoundland.
– Vi kunne sjå at han leitte etter mat langs den midtatlantiske ryggen før han sette kursen mot vest. Truleg for å finne eit endå betre matfat, seier havforskar Erik Olsen.
Han var med å merke seikvalen tilbake i 2005.
No er han medforfattar på ein heilt fersk studie, der desse dataa vert sett på i eit heilt nytt lys.
Olsen er ein av nesten 400 forskarar frå 50 land som har bidrege til studien, som no er publisert i tidsskriftet Science.
Forskarane har sett saman eit enormt datasett frå satellittmerkte gigantar i havet – medlemmar av den marine megafauna.
– Dette er rett og slett ein «kjempestudie», på fleire vis, seier havforskaren.
Berre høyr på dette: 6 854 440 millionar geolokasjonar frå 12 794 spora individ frå 111 ulike artar.
– Vi har sett saman posisjonsdata samla inn over 30 år og på tvers av ei rekkje dyregruppe – frå kvalar, selar og haiar til skjelpadder og fuglar. Dette er unikt, seier Olsen.
Desse millionane av satellittposisjonar viser at havets kjemper vandrar mykje og beveger seg over store område.
I snitt har 66 prosent av området som forskarane har sporingsdata frå, ein viktig funksjon for desse dyra. Anten er det som migrasjonskorridorar eller som levestad, der dei et, parar seg eller kviler. Omtrent ein tredel er i bruk som begge deler: både buplass og reiserute.
– Studien viser klart at arealbehova er svært store og vil ikkje verte dekt, sjølv med fullt vern under Naturavtala, seier Erik Olsen.
Naturavtala (med det fulle namnet: Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald) har som mål å stoppe og reversere tap av natur og økosystem.
Eitt av dei mest kjende delmåla på vegen handlar om å verne 30 prosent av alle land- og havområde innan 2030.
Studien peikar på at å innfri vernemålet vil hjelpe, men at det åleine ikkje er tilstrekkeleg for å beskytte nøkkelområda for desse artane.
– Analysen gjev klårare svar på kva område som er viktigast for desse artane, og kva menneskelege aktivitetar som er mest i konflikt med dei, seier Olsen.
Sjøfart, plastforureining og klimaendringar vert trekte fram som trugslar for nær sagt alle dei spora artane, og fiskeri for 75 prosent av dei.
Det er nødvendig med tiltak som bøter på den menneskelege påverknaden, i tillegg til dei planlagde verneområda, meiner forskarane.
I artikkelen peikar dei på behovet for ytterlegare havforvaltning – til dømes gjennom utstyrsreglar i fiskeria eller gjennom trafikkruter som held dyreliv og båtar frå kvarandre.
– Botnlinja er at verneområde åleine ikkje er nok om målet er å vareta dyremangfaldet i havet, avsluttar Erik Olsen.