Gå til hovedinnhold

Derfor blir fjorden grøn


satellittfoto av Sør-Norge

Satellittbilde av Sør-Norge den 20. mai 2025. Sjå kartet sjølv hos NASA.

Fotograf: NASA Worldview data

Ein harmlaus alge fargar fjordane turkise – og den er synleg heilt til verdsrommet.

Det er kalkalgen Emiliania huxleyi som blomstrar frå Oslofjorden til Bergen.

Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekka av små kalkplater. Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge.

– Det er ikkje nødvendigvis så store mengder som det ser ut til, for "Ehux", som vi kallar han, nærmast drysser om seg med kalkplater til vatnet rundt, seier planktonforskar Lars-Johan Naustvoll.

mikroskopfoto av en sfære med strukturer på
Gjennom mikroskop: Emiliania Huxleyi er om lag 5 mikrometer stor, det vil seie 5 tusendelar av ein millimeter. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 75 mikrometer tjukt. (Foto: Stig Bjarte Haugen / Havforskningsinstituttet)

Emiliania huxleyi er ikkje farleg for folk eller fisk, sjølv om den dannar store og svært synlege blomstringar.

– Det einaste farlege kan vere redusert sikt for båtfolket. Fiskarar rapporterer også at det blir mindre fisk å få. Det kan henge saman med at også fisken får redusert sikt til å finne bytte, forklarar Naustvoll.

Det er ikkje sikkert kva som fører til at "Ehux" blomstrar. Den kan gjere det på tider og i område med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel. Kalkalgene formeirer seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.

Emiliania huxleyi er vanlegast i periodar med varmt vatn og rolege vindforhold. Algen har global utbreiing, mest vanleg frå tropiske til tempererte strøk, men den er også registrert i polare farvatn.

foto av baugen på en båt og grønn sjø
Oppblomstringar av den ufarlege kalkalgen Emiliania huxleyi er lette å oppdage sidan dei gir vatnet ein turkis farge. Som her i Hardangerfjorden. (Arkivfoto: Irene Huse / Havforskningsinstituttet)