Gå til hovedinnhold

Tilrår nedgang i kongekrabbe-kvoten


To kongekrabber på havbunnen

Trass noko variasjon, har kongekrabbebestanden vist ein generelt nedadgåande trend sidan 2003. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Den haustbare bestanden er redusert. Havforskarane rår difor om kutt i kongekrabbekvoten.

Havforskingsinstituttet (HI) tilrår at den totale fangsten av kongekrabbe ikkje overstig 850 tonn hannkrabbe i 2026. 

Det er 44 prosent lågare enn fjorårets kvoteråd. 

– Årets bestandsvurdering viser ein nedgang i den haustbare delen av kongekrabbebestanden, seier bestandsansvarleg Ann Merete Hjelset.

Fritt fiske vest for Nordkapp

Kongekrabbe er ein introdusert art i norske farvatn, og vert forvalta ut frå eit todelt mål.

1: I Aust-Finnmark er målet å oppretthalde eit langsiktig fiskeri gjennom kvoterådgjeving, og samtidig avgrense kongekrabben si spreiing vestover. 

2: Vest for Nordkapp er det derimot fritt fiske av kongekrabbe, for å halde bestanden så låg som mogeleg.

HI rår om at det frie fisket vert oppretthalde utanfor det kvoteregulerte området. 

Fiskestopp medan krabbane byter skal

Vidare anbefaler havforskarane å stenge fiske i det kvoteregulerte område frå 1. mars til 30. april, som eit minimum. 

– Det vil beskytte bestanden i ein periode då dei er meir sårbare. Det er då hannkrabbar og hokrabbar møtest på grunne område for å byte skal og reprodusere seg, seier Hjelset. 

Ei slik stenging vil dimed redusere risikoen for handteringsskadar på krabben, og på same tid bidra til å oppretthalde ein produktiv bestand. 

– For å ytterlegare redusere talet skadde krabbar, bør det som minimum vere forbode å fiske grunnare enn 100 meter.

Årets kongekrabbetokt

Årets kartleggingstokt vart gjennomført i Finnmarksfjordane frå 13. september til 3. oktober. Totalt utførte havforskarane 111 tråltrekk og 24 teinestasjonar. 

– Denne kombinasjonen av trål og teiner sikrar at vi får verdifulle data om samansetninga av kongekrabbebestanden – både når det gjeld størrelse og kjønn, men òg skadar, rogn og skal-alder, seier havforskaren. 

Data frå toktet og frå det kommersielle krabbefisket vert brukte for å rekne ut bestandsutviklinga, fiskeridødelegheita, lage prognosar og risikoanalysar. 

Metoderevisjon i 2025

Før årets bestandsvurdering har havforskarane gjennomført ein metoderevisjon. Denne inneber mellom anna at dei har teke i bruk eit nytt modelleringsrammeverk. Dette skal gje meir fleksibilitet og betre integrasjon av dataa. 

– Resultata frå den nye modellen og den gamle samsvarar – begge indikerer same nivå for den haustbare bestanden av hannkrabbar og same fiskeridødelegheit over tid, seier Hjelset.

Toktindeksane er oppdaterte for å betre handtere dei komplekse bestandsfordelingane i fjordane. 

– Desse indeksane tek omsyn til utviklinga i bestanden i både tid og rom, og skal gje eit meir presist bilete av utviklinga og redusere usikkerheita i bestandsvurderinga, seier havforskaren. 

– Dei oppdaterte toktindeksane indikerer ei noko meir negativ trend i utviklinga i bestanden av fangstbare hannkrabbar over tid.