Gå til hovedinnhold

Har truleg oppdaga verdas første bambuskorallrev


Pinneliknande korallar veks oppå eit brunt underlag. Underlaget kan sjå ut som uttørka greiner og er daude korallar.

Levande bambuskorall er lys rosa.

Fotograf: Mareano / Havforskingsinstituttet

Det mogelege revet strekk seg over 800 meter i Norskehavet.

– Så vidt vi veit, er dette første gong det er dokumentert at også bambuskorall truleg kan danne rev, fortel havforskar Heidi Kristine Meyer. 

– Om det skulle vise seg at funnet ikkje er innanfor definisjonen av rev, er det likevel den tettaste førekomsten vi har sett av desse korallane over eit så stort område. 

Kart over et stort havområde. Det er lagt inn ei lang linje.
Sterkninga der det nyleg blei observert bambuskorallar. Den raude firkanten markerer området der det var gjort tidlegare observasjonar.
Kart: Mareano

 

Skogar og rev med bambuskorall 

Hen er akkurat no på Mareano-tokt over Den midtatlantiske rygg lengst ute i Norskehavet. 

Forskarane er i gang med å kartlegge havbotnen i området, mellom anna med video.  

– Vi forventa å finne bambuskorall-skogar, det vil seie at korallane veks direkte opp frå havbotnen i tette førekomstar. 

Då dei starta filminga på toppen av den undersjøiske fjellryggen, dukka korallane som venta fort opp. Men så var det klart for ei overrasking. 

– Vi la fyrst merke til at mengda korallar var mykje større enn forventa, og at dei stort sett vaks overalt, både på stein, fjell og sediment. Deretter oppdaga vi at desse korallane også veks oppå daude korallar – det er eit teikn på at dei dannar rev, fortel Meyer. 

Når bambuskorallane døyr, blir skjelettet ståande igjen omtrent som tynne, inntørka greiner. Hos artar som dannar rev, er det vanleg at dei levande korallane veks oppå dei daude. 

– Ein stad var det ei opning i revet, her fekk vi til å måle tjukkelsen frå botnen og opp til dei levande korallane. Den viste seg å vere 63 cm, noko som tyder på at revet kan vere gamalt. For å finne nøyaktig alder, må prøvane av dei daude korallane undersøkast. 

Ingen dokumentasjon på tidlegare funn 

Biologane som er om bord på forskingsfartøyet Kronprins Haakon har saumfare vitskapleg litteratur på jakt etter andre rev beståande av bambuskorall. Det har dei ikkje funne. 

– Så vidt vi har funne ut, er dette første gong det er dokumentert at bambuskorallane veks på daude korallskjellett på same måte som til dømes steinkorallen Desmophyllum pertusum. Denne arten har bygd opp dei store norske korallreva vi kjenne til frå før. 

Yrande dyreliv rundt bambuskorallane 

Som på andre korallrev, er det også mykje dyreliv på det nyoppdaga bambuskorallrevet. 

– I tillegg til korallane, har vi sett mykje sekkedyr, anemonar, svampar, hydrozoar, mosdyr, sniglar, muslingar, tifotkreps og fiskeartar som sølvtangbrosme (Gaidropsarus argentatus) og isskate (Amblyraja hyperborea). 

Funn av eggkapslar og unge skater indikerer også at området kan vere et oppvekstområde for denne arten. 

Eit mysterium må løysast 

Når forskarane kjem til land igjen, fortsett jobben med å analysere funna frå toktet. 

– Vi veit framleis ikkje kva slags bambuskorall-art som veks i dette området. Basert på litt ulike leveområde, mistenker vi at det er fleire ulike artar i norske farvatn. Vi har tatt prøvar av arten som veks her i Norskehavet, dei kjem truleg til å gje oss svaret på kva art det er, avsluttar Meyer. 

I tillegg må det endeleg avklarast om dei observerte bambuskorallane veks på ein slik måte at krava for å bli definert som eit rev er oppfylt.