– Vi feirar ikkje 125-årsjubileet først og fremst for å sjå bakover, men for å minna oss sjølve om kvifor HI finst, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. Foto: Eivind Senneset / HI
Publisert: 15.10.2025
– Når ein er 125 år gamal, gjeld det å finna den rette balansen mellom å lena seg på erfaring og finna enda betre måtar å gjere ting på, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Då Havforskingsinstituttet blei til, var det fordi ein lurte på kvifor det var mykje fisk eitt år og lite eit anna.
– I dag handlar det ikkje berre om kor fisken er og om kor mykje det er av han, men om korleis vi skal ta vare på havet og hausta fornuftig av det dei neste 125 åra, seier Kvamstø.
Blant mange kandidatar trekker Kvamstø fram tre utfordringar han meiner vil prega havforskinga framover.
– Det eine er klimaendringane. Havet blir varmare, og endringane skjer raskt. Vi ser det når makrellen trekker lenger nord, torsken får det trongt i sør og fjordane får hetetokter. Klimaendringar er ikkje noko som vil skje der ute ein gong, det skjer allereie kvar dag, her hos oss.
Kvamstø meiner det er viktig å laga gode klimascenario for å forstå kva som skjer – og for å vera i stand til å gi gode råd om forvalting av havet.
– Klimascenario er modellar for korleis ulike temperaturendringar – utviklingsbanar for klimaendringane – gir ulike risikoar for artar, bestandar og økosystem, forklarer han.
Den andre utfordringa Kvamstø peikar på, er det aukande presset på kystsona:
– Yrkesfiske, fritidsfiske, oppdrett, friluftsliv, turisme, byggeverksemd, energiutvinning; alle vil ha ein bit av kysten. Vi må finne ut korleis mange interesser kan leve side om side – og utan å drive rovdrift på økosystema og livet i sjøen.
Omgrepet «samla påverknad» er sentralt i denne samanhengen:
– Det er som i TV-reklamen: det er sluttsummen på kassalappen som tel. For ein fisk speler det liten rolle om til dømes deponering av grus i ein fjord isolert sett har liten påverknad på miljøet han lever i. Det er samla påverknad frå all menneskeleg aktivitet som betyr noko. Grusen kan bli tunga på vektskåla som gjer det tungt for fisken.
Kvamstø fortel at HI har kome eit stykke på veg med å laga verktøy som kan brukast – til dømes av kommunane – for å vurdere kva risiko ny aktivitet langs kysten inneber for ulike artar og økosystema dei lever i.
Den tredje utfordringa Kvamstø legg på bordet, handlar om tillit.
– Dette handlar for så vidt om eit problem som har råka heile det offentlege ordskiftet. Vi ser ei gryande tillitskrise også her til lands – for kva informasjon kan ein eigentleg stola på? Desto viktigare er det at vi held fram med å vera opne og ærlege når vi formidlar kunnskap om havet – også der kunnskapen er ubehageleg.
– Vi må forklare tydeleg korleis vi har kome fram til kunnskapen – slik at folk der ute veit at han er til å stole på. Forsking som ikkje vert brukt, har liten verdi. Havet tilhøyrer alle, og difor må også kunnskapen om havet vere felles, seier havforskingsdirektøren.
Kvamstø meiner det er alfa og omega å ta i bruk ny teknologi på ein god måte.
– Heilt frå starten har kunnskapsutvikling og teknologiutvikling gått hand i hand i havforskinga. Vi har gått frå tau og bøtte til fjernstyrte fartøy og kunstig intelligens. I dag har vi tilgang til enorme datamengder som kan gi oss eit nytt bilete av havet – om vi brukar informasjonen klokt.
– Korleis gjer vi det, da?
– Prinsippet trur eg er ganske greitt. Vi må la teknologien gjere det den er best på, og bruke menneskeleg erfaring og dømekraft der maskinane kjem til kort.
I høve dagen unner Kvamstø seg også ein liten kikk i bakspegelen:
– I det store biletet er havforsking ein ung vitskap. Det er ikkje så rart – store delar av havet har vore utilgjengeleg for oss. Men på berre nokre generasjonar har kunnskapen om havet endra seg dramatisk, og imponerande mange mytar er knust på vegen.
Som eit døme trekker han fram «vandringslæra» frå 1800-talet.
– Ho forklarte variasjonane i fiskeriet med at fisken hadde lange vandringar rundt i verdshava. Nokon trudde til og med at silda heldt til på Nordpolen, og at det var isfritt hav der. No veit vi at det finst ulike bestandar av same art, og at variasjonane handlar om årsklassar, klima, næringstilgang, samspel mellom artar og menneskeleg påverknad.
Ei anna seigliva myte – som levde mykje lenger – var at havet var så stort at vi kunne tømma kva som helst i det utan konsekvensar.
– Den tanken verkar nesten ufatteleg naiv i dag, når vi veit kor sårbare økosystema er for forureining, overfiske og klimaendringar, seier Kvamstø, og legg til:
– Tenk også på at britiske forskarar på 1850-talet meinte at det ikkje kunne vere liv i havet djupare enn 500 meter. I dag veit vi at havet syd av liv, heilt ned i dei djupaste grøftene. Vi lærer noko nytt kvar einaste dag, og eg er viss på at vi framleis har spennande oppdagingar framfor oss.