Gå til hovedinnhold

Mareano går brattare og djupare


Ein stor båt ligg ved kai.

Dei neste vekene skal forskingsfartøyet "Kronprins Haakon" ut på Mareano-tokt for å undersøke botnen i utvalde område av Norskehavet. Dette biletet er frå eit tidlegare Mareano-tokt.

Fotograf: Mareano

Omtrent 4000 meters djup og bratte fjell ventar når Mareano-forskarane denne veka set kursen mot Atlanterhavsryggen og Norskehavet. 

Her skal forskarane frå Havforskingsinstituttet (HI) og Noregs geologiske undersøking (NGU) kartlegge både kva dyr som lever på botnen og kva den består av. 

Til no har det meste av Mareano-kartlegginga føregått i område grunnare enn 2000 meter. Når dei no set kursen mot djuphavet, ventar nye utfordringar. 

– Utstyret vårt er allereie tilpassa det  ekstreme trykket som er på dette djupet. Utfordringa er at djupet aukar tidsbruken på kvar stasjon kraftig, i tillegg til at sjølve terrenget gjer det krevjande å styre enkelte av standard-reiskapane i Mareano i rett posisjon, fortel forskar Rebecca Ross frå HI. 

Dei siste månadane har ho leia arbeidet med å vurdere kva tilpassingar som må gjerast. 

– Målet med endringane i utstyr og metodar er å sikre at kartlegginga i djuphavet blir like god som den som blir gjort i grunnare områder, seier ho. 

  • Skal bruke fjernstyrt undervasskamera (ROV) i staden for videoriggen som vanlegvis blir brukt på Mareano-tokt. I tillegg til at den er fjernstyrt, kan undervassfarkosten også ta prøver direkte på havbotnen slik at det ikkje er nødvendig å sende ned eige utstyr for dette.
     
  • Til å ta prøvar av sjølve botnen, brukar forskarane ein grabb. I djuphavet vert den vanlege Van Veen-grabben for biologiprøver bytta ut med boxcorer. Denne er større og tyngre, og vil gi meir pålitelege prøvar. Boxcorer er ofte brukt i djuphavet og er kjent for å gi større sjansar til å fange opp små og skjøre artar som lever nede i sedimenta.
     
  • Når sedimentprøvene frå boxcoreren kjem om bord i forskingsfartøyet, blir dei silt gjennom fleire ulike sikter slik at dyra som er der blir sortert etter størrelse. Frå andre område er det registrert at dyr som lever i sedimenta er mindre i djuphavet enn elles, dette er det tatt omsyn til når størrelsen på «maskene» blei bestemt. Resultata vil bli samanliknbare med tilsvarande studiar i andre område.
     
  • I tillegg blir det henta inn botnprøver med pushcorer (eit røyr som vert presssa ned i havbotnen) for geologisk analyse av t.d. kornstorleik og stratigrafi i botnsedimenta. Anna geologisk innsamling vil føregå på vanleg måte, t.d. innsamling av linjer med botnpenetrerande ekkolodd og gravitasjonsprøvetakar. 
     
  • For botnprøver til geokjemisk analyse blir det brukt både multicorer (ein prøvetakar som tar seks kjerneprøvar på ein gong) som er det vanlege utstyret, i tillegg til pushcorer. Målet er å undersøke om pushcorer gir samanliknbare resultater. Ein eventuellovergang til kun pushcorer vil redusere tidsbruken på djupt vatnn. Prøvene blir brukt for å undersøke innhald av bl.a. mikroplast, tungmetall og andre miljøgifter i havbotnsedimenta.
     
  • Type trål blir bytta ut: Beam-trål blir erstatta av Agassiz-trål. Det spesielle med denne trålen er at den landar riktig på botnen uavhengig av kva vinkel den kjem ned i, noko som igjen reduserer risikoen for mislykka innsamling.
     
  • Færre slep med RP-sleda: i djuphavet vil forskarane gjennomføre eit lengre slep i staden for to korte. På noko sikt (seinare tokt) vil dei også sjå om det blir mogeleg å teste med meir avansert utstyr.
     
  • Videolinene blir utvida til 800 meter og delt opp i delar på 200 meter. Det vil gjere det mogeleg å samanlikne resultata mot tidlegare tokt (der videolinene var 200 meter) og det opnar for at ROV’en kan ta prøvar undervegs.
     
  • Dei nye metodane  vil også opne for fleire DNA-analysar.%u202FFleire prøvar vil bli konservert i etanol slik at nye artar kan bli genetisk koda og taksonomisk beskreve. Dette vil gjøre det mogeleg å bygge DNA-bibliotek i samarbeid med Universitetet i Bergen, noko som er nøkkelen til framtidige studiar av biologisk mangfald i denne regionen av norsk djuphav.

Skal kartlegge 4 km under forskingsfartøyet 

Også avstanda frå overflata til havbotnen byr på utfordringar. 

– Berre det å senke utstyret ned 4000 meter og deretter ta det opp igjen tek fleire timar, truleg kjem dette til å ta rundt tre timar, seier ho. 

Når datainnsamling tar så lang tid, aukar også kostnaden per kartlagt areal. 

Den siste utfordringa oppstår på grunn av terrenget i området. Tidlegare har Mareano-forskarane hovudsakleg kartlagt på blautbotn på kontinentalsokkelen, der det er forhaldsvis billeg og effektivt å bruke slepeutstyr. 

I djuphavet blir ikkje dette godt nok. Høgdeforskjellane er store, og langs midthavsryggen er det mykje fjellbotn.

– Det er vanskeleg å detaljstyre noko som blir slept omtrent 4 kilometer under båten. I tillegg gjer det krevjande terrenget at det er lett å krasje eller sette fast utstyr dersom vi ikkje kan styre det undervegs. Dermed aukar sjansane for å miste utstyr eller få dårlege prøvar, seier ho.

Samansett bilete av ein firkanta boks med ulike ledningar og utstyr som heng utanfor skipssida i ein kran. På det andre fotoet viser ein av reiskapane: ei slags skuffe som tar eit prøve av ein gjørmete botn.
På grunnare vatn blir Mareano-kartlegginga gjort med ein videorigg som blir slept etter forskingsfartøyet. Den løysinga er ikkje optimal for djuphavet, og er derfor bytta ut med eit fjernstyrt undervasskamera (ROV). I tillegg til å lever video, er den også utstyrt med reiskapar slik at den kan ta prøvar på botnen.
Foto: Havforskingsinstituttet og Heidi Meyer / HI

Dei tilpassa metodane er skånsame og gir presise data 

Samtidig ønsker forskarane presise og skånsame metodar for å samle inn prøver utan å forstyrre havbotnen unødvendig. 

– Sjølv om vi endrar noko på metodane, er det viktig at resultata blir like gode som det vi oppnår på grunnare område slik at vi kan gjere tilsvarande forsking på kva artar som er i området og kva botnen består av, seier Ross. 

Ho er trygg på at endringane som dei no tek i bruk, vil oppfylle krava som forskarane har til kvalitet. 

– Endringane vi har gjort vil sikre oss betre og meir presise data frå dette området  enn om vi hadde brukt dei tradisjonelle Mareano-metodane, samstundes som vi kan få den same kunnskapen om djuphavet som vi har frå grunnare område, seier ho.