Gå til hovedinnhold

Har risikovurdert kva effekt lakseoppdrett har på kysttorsk


Kysttorsk som svømmer

I år har havforskarane mellom anna sett nærare på risikoen for at kysttorsk blir negativt påverka av lakseoppdrett i opne merdar.

Fotograf: Erling Svensen / HI

Den aller første risikovurderinga på dette området viser lav til moderat risiko på bestandsnivå.

Som ein del av vurderinga er det også peika på fleire kunnskapshol. 

Dette kjem fram i “Risikovurdering av negative effekter på kysttorskbestander som følge av lakseoppdrett i åpne merder i sjø”. Dette er første gong effektane av lakseoppdrett på kysttorsken er risikovurdert.  

Laksefôr kan endre fettsyrene til kysttorsken 

Ein av problemstillingane forskarane har vurdert er korleis lakseoppdrett påverkar kysttorsken når det gjeld om torsk et spillfôr. Laksefôr er tilpassa kva næring laks treng for hurtig vekst, og inneheld færre marine feittsyrer enn maten som torsken et naturleg. 

– Når kysttorsk et laksefôr, endrar feittsyrene til kysttorsken seg. Akkurat kva det betyr, har vi foreløpig ikkje nok kunnskap om, men i verste fall kan det påverke torsken sin reproduksjon, seier forskar John Fredrik Strøm. 

Eit område der det framleis er kunnskapshol, er om kysttorsk unngår oppdrettsanlegg med laks.  

– Det har blitt fremma ein teori om at dette er årsaka til at kysttorsk ikkje lenger gyt i enkelte av fjordane våre, men vi har foreløpig ikkje nok kunnskap til å kunne seie noko om kor sannsynleg dette er, seier han.  

Når det gjeld sjukdomssmitte er kunnskapen betre. 

– Ut frå den kunnskapen vi har i dag, har vi vurdert at det er liten sjanse for at kysttorsk blir smitta av sjukdomar frå oppdrettslaks. Det skuldast at dei vanlegaste sjukdomane hos oppdrettslaks ikkje kan smitte torsk, seier han. 

Kva veit vi om feilernært kysttorsk? 

I fjor samla forskarane kunnskap om kva effekt lakseoppdrett kan ha på kysttorsken. Då kom det fram at kysttorsk kan bli feilernært av laksefôr. Forskarane fryktar at slik feilernæring i verste fall kan føre til at kysttorsken si reproduksjonsevne blir redusert. 

– Det er store kunnskapshol på dette området, og vi kan ikkje med dagens kunnskapsnivå seie kva dette betyr for kysttorsken sin produksjon av avkom, seier Strøm.  

Forskarane antar at for kysttorsk som et mykje laksefôr, kan det vere ein negativ effekt. 

– Laksefôr inneheld ein del andre feittsyrer enn det som høyrer til torsken sin naturlege diett. Desse feittsyrene er viktige for utviklinga av egg og yngel, og denne utviklinga kan bli påverka når samansetninga endrar seg, seier han. 

Mange torsk føretrekk naturleg mat 

Samstundes er det ikkje slik at alle kysttorskar et oppdrettsfôr. 

Dette gjer at forskarane er usikre på kor stor del av kysttorsk-bestandane som faktisk et laksefôr.  

– Vi veit at mange kysttorsk blir trekt mot oppdrettsanlegga. Tiltrekkinga kan vere høg i den forstand at mange fisk oppheld seg her. Det vi derimot ikkje veit, er kor stor del av bestanden som oppheld seg rundt anlegga og heller ikkje kva den faktiske effekten av dette er.  

Moderat risiko i sør, låg i nord 

Risikovurderinga er gjort sør og nord for 67°N, og ikkje fordelt på produksjonsområde slik som dei andre risikovurderingane på miljøpåverknader av lakseoppdrett.  

– Ut frå kva kunnskap vi har om kysttorsken, har vi valt å dele landet i to: vi har gjort ei samla risikovurdering av all kysttorsk frå Jæren og nord til 67 grader og ei vurdering av bestanden nord for 67 grader, seier Strøm.  

Det kjem både av at kysttorsken sør for 67 grader er i dårlegare forfatning enn kysttorsken nord for Bodø, men også at det ikkje er nok kunnskap om lokale kysttorskbestandar til å ha ei finare inndeling.  

Forskaren er tydeleg på at dei sørlege bestandane er i dårlegare forfatning enn dei i nord. Det har medverka til at kysttorsk sør for 67 grader nord kjem ut med moderat risiko for negativ effekt som følge av lakseoppdrett. Det er likevel knytt stor usikkerheit til vurderinga sidan det manglar kunnskap om mange av faktorane som er vurdert. 

– Når ein bestand er i dårleg forfatning, skal det mindre til for at den vert negativt påverka. I tillegg er det samla sett mykje oppdrett i dette området og større tilgang på spillfôr for dei torskane som vel å ete dette, seier Strøm. 

For den nordlege bestanden, er situasjonen annleis. 

– Her veit vi at gytebestanden er på omtrent 85 000 tonn og i betre forfatning enn lenger sør. Samstundes er mengda spillfôr samla sett betydeleg lågare. Det er altså ikkje nok spillfôr til å dekke matbehovet for store delar av kysttorsken. 

Dette gjer at forskarane konkluderer med at det er låg risiko for negativ påverknad av kysttorsk nord for 67 grader. 

Kva med mindre bestandar? 

Risikovurderinga er gjort på større geografiske område. Det er foreløpig uklart kva som er situasjonen for lokale kysttorskbestandar som har tilhald i område der det er mykje oppdrett. 

– I nokre fjordar med mykje oppdrett kan mengda spillfôr vere stor nok til at store delar av den lokale kysttorskbestanden får nok mat. Dermed kan lakseoppdrett i desse fjordane ha ein negativ effekt på torsk – men dette veit vi foreløpig ikkje nok om.  

Må tette kunnskapshola 

Framover kjem forskarane til å sjå nærare på både kor stor del av kysttorsken som faktisk blir tiltrekt oppdrettsanlegg og om beitinga på spillfôr har ein negativ effekt på reproduksjon. 

– Får vi svar på desse problemstillingane vil usikkerheita reduserast og vi vil kunne gjere ei meir presis vurdering av effektane av lakseoppdrett på kysttorskbestandane langs kysten, seier Strøm. 

Referanse

J.F. Strøm m.fl., Risiko for negative effekter på kysttorskbestander som følge av lakseoppdrett i åpne merder i sjø — Risikovurdering og kunnskapsstatus 2026. Rapport fra havforskningen 2026-9.