Gå til hovedinnhold

Triploid laks: klarar ikkje å ta opp nok oksygen når den blir stor


To fisk sym i kvar sin plastboks. I kvar boks er det slangar og to små boksar som blir brukt til å måle oksygen.

Ved hjelp av desse to kara og utstyret som er satt inn i dei, kan forskarane måle kor mykje oksygen fisken brukar.

Fotograf: Malthe Hvas, Havforskingsinstituttet

Dermed får den dårleg velferd.

Triploid laks er steril, og blei tatt i bruk for å redusere problema som oppstår med genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks. 

– I starten såg det ut som dette kunne vere ei løysing, men etter kvart såg vi at den slakteklare fisken ofte hadde dårlegare velferd enn annan laks, fortel forskar Malthe Hvas. 

Etter 2023 vart det midlertidig forbode å bruke denne fisken kommersielt i Norge – nettopp på grunn av den dårlege velferda. I andre land er det framleis lov å produsere triploid fisk. 

Men kva som gjorde at denne fisken ikkje klarte seg like godt som vanleg oppdrettslaks i sjøfasen, var framleis uklart. 

No trur forskarane at dei har funne svaret. 

– Triploid laks har større celler enn vanleg laks. Det kjem av at denne fisken får eit ekstra sett kromosom i kvar celle som følgje av trykkbehandlinga som gjer den steril, fortel forskaren. 

Samansett bilde. Figur A er ein graf som viser tydeleg forskjell på storleiken på cellene. Figur  B og C er foto av cellene, du kan sjå at cellene på det eine er større enn på det andre fotoet.
Når forskarane målte storleiken på cellene, såg dei tydelege forskjell på cellene til vanleg laks (diploid) og triploid laks, sjå A. Bileta til høgre er av blodceller, B er frå vanleg laks og C er celler frå triploid laks.

Dei ekstra store cellene gjer at triploid laks har mindre celleoverflate i forhold til cellevolumet enn det vanleg laks har. Samstundes skjer mange av dei viktigaste funksjonane i kroppen på nettopp celleoverflatene. 

– Dette har ikkje fått effekt på ung, triploid laks. Den har for det meste klart seg like bra som vanleg laks.  

Når fisken veks, krev kroppen også større leveransar frå celleoverflata – og det er då problema har oppstått. 

– Når fisken har passert omtrent tre kilo, har den fått problem på grunn av at celleoverflata kan bli ein flaskehals. Den klarar ikkje lenger å ta opp nødvendig mengde oksygen og ivareta andre viktige funksjonar når den blir stressa, seier han.  

Stress kan i denne samanhengen vere høg temperatur, dårlege oksygenforhold, sjukdom, og handtering.  

Testa korleis oksygenopptaket hos stor fisk fungerte 

For å teste hypotesen om at storleiken på cellene hadde negativ innverknad på dyrevelferda, gjennomførte forskarane eit forsøk på triploid laks på rundt tre kilo. 

Tidlegare forsøk er ofte gjennomført på mindre fisk, og har gitt sprikande resultat.  

– Det kjem truleg av at dei blei utført på mindre fisk der cellestorleiken endå ikkje hadde blitt ein kritisk faktor.  

Den nye studien fekk derimot tydelege resultat:  

  • Den bekrefta at triploid laks har større celler. 
  • Stor triploid laks har høgare oksygenforbruk i kvile og lågare maksimum oksygenforbruk under stress. Det gir ein samla lågare “aerob kapasitet” til aktivitetar, fisken får dermed totalt sett for lite oksygen. 
  • Triploid laks har dårlegare akutte grenseverdiar for både lågt oksygen (hypoksi) og høg temperatur. 
  • Stor triploid laks er generelt dårlegare til å ta opp oksygen frå miljøet. 
  • Triploid laks har også færre gjellelameller per millimeter, noko som heng saman med større celler. Det medfører at fisken har mindre funksjonelt gjelleoverflateareal, og har dermed negativ påvirkning på okysgenopptaket. 

– Funna våre viser at den dårlege velferda hos triploid laks truleg ikkje er tilfeldig, men ein konsekvens av at fisken sin endra fysiologi gjer den meir sårbar for dei ulike stressfaktorane som er i eit moderne oppdrettsanlegg, seier Hvas. 

To grafar som viser ulike resultat for vanleg (diploid) laks og triploid laks.
Kritiske grenseverdiar for lavt oksygen og høg temperatur hos stor vanleg (diploid) og triploid atlantisk laks. Signifikant forskjell er indikert med ei stjerne. Den triploide laksen er meir sårbar for både dårlege oksygenforhald og høg temperatur.

Referanse 

Hvas, M., Morin, A. & Hansen, T.J. Triploid Atlantic salmon are physiologically disadvantaged at larger body sizes. Sci Rep 16, 770 (2026). https://doi.org/10.1038/s41598-025-30342-5