Kvalross i Dolmsundet: Kvalrossbesøk langs norskeyksten er vanlegare enn mange kanskje er klar over.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Denn spermkvalen blei funnen nord på Andøya.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Skjelettet er ikkje identifisert nærare enn at det er ein tannkval. Funnen på Teksmona.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Denne nebbkvalen er det første og så langt einaste registrerte funn på Jan Mayen.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Denne tannkvalen blei funnen på Sørøya. Lukta er skildra av innsendar som "sterk lukt".
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Steinkobbe i Ellingsøyfjorden
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Tennene lar gjerne forskarane sjå kva art dyret er. Dette er tanngarden til ein havert.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Nise på Ekkerøya
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Denne knølkvalen stranda på Storfosna.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havet
Denne gridkvalen stranda på Vega.
Fotograf: Bidrag til Dugnad for havetPublisert: 02.01.2026
Niser, nebbkval, steinkobbe og kvalross – det er nokre av kadaver-typane folk har rapportert om i folkeforskingsportalen Dugnad for havet.
Sidan september 2024 har systemet nemleg hatt kategorien Strandet hval, sel eller hvalross – etter stor etterspurnad. (Sjå alle registreringane på kartet her.)
– På sikt kan vi få eit mønster over kva sjøpattedyrartar som strandar.Vi kan også få ein peikepinn på om nye sjøpattedyr kjem til våre farvatn, eller om andre blir mindre vanlege, seier Kathrine A. Ryeng, veterinær og sjøpattedyrekspert.
Ho trekk fram fisk på flyttefot som følge av klimaendringar.
– Kanskje vil slike mønster spegle seg i sjøpattedyra som lever av fisken, seier ho.
I rapporteringssystemet blir du beden om å ta ulike bilde av dyret. Du kan beskrive lukt, forråtningsgrad, skader og plassering. Forskarane sjekkar funnet og melder tilbake kva art du har snubla over.
– Art plar vere greitt å finne ut av. Men vi kan ikkje seie noko om årsaka til strandinga berre ut frå bilda, seier Ryeng.
– Unntaket er niser med perfekt avkutta hale. Desse har mest sannsynleg gått fast i garn og drukna. For å få nisa ut av garnet, kan det ofte vere enklast å kappe av halen, forklarer ho.
Niser som bifangst er eit kjent problem. Les også: Pingere i garn reduserer bifangst av niser med 54 prosent
Den som studerer kartet over alle observasjonane, vil kunne tenke at det er tett mellom stranda sjøpattedyr i Oslofjorden.
Ryeng meiner dette er eit naturleg resultat av at det er fleire folk der som "held utkikk" og kan melde inn.
– Elles er heile fastlandskysten representert. Vi fekk også nettopp inn ein observasjon av ein stranda nebbkval på Jan Mayen, seier ho.
– Men vi har aldri fått inn observasjonar frå Svalbard, som forundrar meg litt. Ja, det er få folk, men mykje kval, sel og kvalross. Sikkert stranda også. Og internett har ein jo på øya, så eg vil oppmode svalbardianarane om å ha auga med seg i fjæra, seier ho.
Hjelp forskarane med å melde inn srtanda sjøpattedyr deg (eller andre spennande funn) på Dugnad for havet.