Publisert: 03.03.2026
Krigshandlingane i Midtausten har ført til at den andre delen av toktet til forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen i Oman er innstilt.
Fartøyet skulle etter planen gått ut på tokt frå Muskat laurdag, vidare sør- og sørvestover, for så å ende i Salalah etter omlag fire veker.
Tysdag blei det bestemt at forskingsfartøyet reiser frå Muskat.
– Dr. Fridtjof Nansen kjem til å gå til ei hamn utanfor området med høg sikkerheitsrisiko, seier rederisjef Inge André Utåker.
– Vi tek denne avgjerda utifrå ei totalvurdering av sikkerheitssituasjonen i området, og i samråd med Norad, FAO og Utanriksdepartementet. Det er på noverande tidspunkt ikkje mogleg å seia når skipet kan ta opp igjen den planlagde tokt-aktivitet i Oman.
Dr. Fridtjof Nansen er utleigd, via FN-organisasjonen FAO, til omanske styresmakter, for å kartleggja fiskeriressursane langs kysten av Oman.
Forskingsfartøyet er eigd av Norad og blir drifta av Havforskingsinstituttet. Primært blir Dr. Fridtjof Nansen nytta i «Nansen-programmet», eit samarbeid mellom HI, Norad og FAO.