Nysgjerrig på kva sjømaten din inneheld? Sjekk ut Sjømatdata.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HIPublisert: 15.10.2026
Visst du at laks er ei god kjelde til protein? Eller at makrell i tomat er ei god kjelde til omega-3?
I Sjømatdata kan du utforske enkeltartar – frå torsk og hyse til albogesneglar, blåskjel og blæretang. Du kan setje deg inn i dei mange næringsstoffa du får frå desse, samt oversikt over uønskte stoff ein bør passe på.
Du kan òg sjekke middagsfavorittar som fiskegrateng, fiskekaker og fiskepudding.
Ein heilt ny kalkulator-funksjon let deg òg rekne ut kva næringsinnhald du får frå ulike porsjonsstørrelsar – som 200 gram torsk.
Her kan du teste Sjømatdata sjølv!
For å ta eit døme: På Sjømatdata kan du undersøke kva hysa inneheld – britane likar ho godt i «fish and chips», nordmenn et ho ofte i fiskekaker eller som filet.
Du vil mellom anna sjå at hyse-filet er ei god kjelde til både jod og protein, men som ein mager fisk er ho kanskje ikkje førstevalet om målet er omega-3 åleine.

Du kan òg samanlikne om det er hysefileten eller fiskekaka som er beste næringsstoff-kjelda. Sjømatdata let deg nemleg samanlikne innhaldet i opptil fem ulike artar eller produkt på ein gong.

Plottblottar: fileten slår fiskekaka på næringsstoffa, men fiskekaker bidreg til både omega-3 og jod – så du kan ete dei med godt samvit.
Dataa stammar frå overvakingane Havforskingsinstituttet gjennomfører året rundt.
Du kan også snu innfallsvinkelen.
Frå oktober til april er ikkje sola sterk nok til at huda vår kan produsere vitamin D – då er vi avhengige av å få nok gjennom maten vi et.
I Sjømatdata kan du finne oversikta over kva artar og sjømatprodukt som inneheld mest vitamin D. (Sildefilet skorar høgt.) Sameleis for alle dei andre næringsstoffa og uønskte stoffa HI overvaker.
Sjømatdata har fått ein flunkande ny kartfunksjon. Dette let deg samanlikne fisk frå Nordsjøen med fisk frå Norskehavet eller Barentshavet.

For dei som verkeleg vil gå djupt i materien, kan ein laste ned og eksportere både tabellar, diagram og data.