Gå til hovedinnhold

Sjå direkte: FNs klimapanels nye rapport


Sjette hovedrapport WG2   FNs klimapanel   illustrasjon (1920 x 1080 px) (1)
Dato 28. februar 2022 13:30 - 15:00
Sted Sentralen, Oslo
Nettside Arrangement på Facebook

FNs klimapanel (IPCC) presenterer ny kunnskap om verknadar av, tilpassingar til og sårbarheit overfor klimaendringane. Pressekonferansen er på norsk.

Meir enn 700 ekspertar frå 90 land – 19 frå Noreg – deltar i arbeidet med sjette hovudrapport frå FNs klimapanel (IPCC), som består av tre delrapportar og ein synteserapport.

28. februar presenterer Klimapanelet Delrapport 2 om verknadar av, tilpassingar til og sårbarheit overfor klimaendringane. Norske forskarar som har bidratt i rapporten, fortel om innhaldet på pressekonferansen.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide mottar rapporten og spørsmål frå presse kan stillast til statsråden og dei norske forskarane.

Pressekonferansen vert strøymd (lenke kjem).

Dagsorden (11.30 - 13.00)

  • Velkomen
    Direktør Ellen Hambro, Miljødirektoratet
     
  • Konsekvensar for økosystem (hav og land)
    Forskar Mette Skern-Mauritzen, Havforskningsinstituttet
     
  • Klimarisiko og konsekvensar for menneske
    Forskar Halvard Buhaug, Institutt for fredsforskning (Prio)
     
  • Klimatilpassing og rettferd 
    Forskar Tor Arve Benjaminsen, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU)
     
  • Klimarobust utvikling
    Forskar Siri Eriksen, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU)
     
  • Spørsmål og svar til forskarane frå presse
    Alle forfattarane
     
  • Overlevering av rapporten og spørsmål frå presse
    Klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Pressekonferanse på Sentralen

Journalistar og andre interesserte er velkomne til pressekonferanse på Sentralen i Oslo. Vi følgjer Helserådet og Folkehelseinstituttet sine retningslinjer i forbindelse med korona.

Send namn, arbeidstittel og arbeidsgjevar på e-post til pernille.stensli@miljodir.no for å melde deg på.

Straum til arrangementet er opent for alle og krevjar ikkje påmelding. Lenke vil bli publisert på denne sida.