Marthe Hammer (SV), Frøya Skjold Sjursæther (MDG), Ove Trellevik (H), Terje Søviknes (FrP) og energiminister Terje Aasland (Ap) i debatt om vasskraft og kraftfosyning under Rosendalsveko 2025.
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HI
Energiminister Terje Aasland og havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø under Rosendalsveko 2025.
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HI
I pausane nytta mange høve til å slå av ein prat på kaia. Her med Kjetil Lund (NVE) og Per Lund (Odfjell Oceanwind/GoliatVind)
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HI| Dato | 03. august 2026 - 04. august 2026 08:00 - 14:25 |
|---|---|
| Sted | Folgefonnsenteret, Rosendal |
| Nettside | Sjå oppdatert program. |
Rosendalsveko 2026 går av stabelen 3.– 4. august på Folgefonnsenteret i Rosendal.
Årets tema er «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling», med særleg vekt på korleis klimaendringane påverkar natur, friluftsliv, fjord og fjell – og kva som skal til for å ta gode val for framtida. Over to dagar får du høyre faglege innlegg frå leiande forskarar og aktørar i næringslivet, og du møter politikarar i fleire aktuelle paneldebattar, mellom anna om naturforvaltning, framtidas havbruk, dyrevelferd, kraftbruk og prioriteringar for grøn omstilling.
Måndag 3. august
09:00: Opning: Frå kunnskap til handling ved styreleiar Thea Vaage og ordførar Vegard Bjørnevik
09:15: Opningsinnlegg ved klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
09:45: Natur under press: frå fjell til fjord
Introduksjon ved Margareth Hagen, rektor Universitetet i Bergen.
11:15: Politikarpanel: Lokal vs. nasjonal styring.
Moderator Magnus Takvam
Deltakarar: Andreas Bjelland Eriksen (AP), Lars Haltbrekken (SV), Mette Heidi Ekrheim (Sp), Frøya Skjold Sjursæther (MDG) m. fl.
12:15: Lunsj
13:15: Framtidas havbruk – løysingar for berekraft og dyrevelferd
Introduksjon ved Geir Lasse Taranger (HI)
14:20: Panelsamtale: Havbruksforvaltning for berekraft og dyrevelferd – oppfølging av havbruksmeldinga, nasjonal, regional og lokal styring
Moderator: Magnus Tavkvam
Deltakarar: Bente Kari Sletten Taranger (H), Helge André Njåstad (FrP), Ingunn Myklebust (UiB), Erling Sande (Sp) m.fl
Tysdag 4. august
09:00: Kva skal vi bruke krafta til?
Kva er status for kraftbehovet og kraftproduksjonen i dag, og korleis bør vi prioritere bruk av krafta mellom industri, elektrifisering og dei nye næringane framover?
09:45: Panelsamtale: Kven bestemmer over krafta, og korleis prioriterer vi ho til dei viktigaste behova?
Moderator: Vigdis Vandvik (UiB)
Deltakarar: Linda Merkesdal (Ap), Vegard Bjørnevik (ordførar Kvinnherad), Inger Lise Blyverket (DNT), Tom Skauge (Naturvernforbundet)
11:00: Klima og friluftsliv i endring
Reiselivet, særleg naturbasert turisme er avhengig av økosystem– og klimatenester som snø, landskap, brear og stabilt vêr. Endringar i temperatur, nedbør og snøforhold påverkar både skiturisme, fjellturar og kystaktivitetar.
Panelsamtale. Moderator: Jostein Bakke
12:30 Lunsj på kaien
Endringar kan førekome. Her finn du sist oppdaterte program.
Programkomiteen: Kerim Hestnes Nisancioglu (UiB/Bjerknes), Jostein Bakke (UiB/Bjerknes), Charlotte G. Krafft (Energiomstilling Vest), Geir Lasse Taranger (HI), Ingvard Havnen og Una Kolle (Folgefonnsenteret)
Publisert: 02.03.2026 Oppdatert: 08.06.2026