Gå til hovedinnhold

Webinar: Teknologi i Marine grunnkart i kystsona


modellert havbunn

Frå Søre Vaulen i Fosnavåg, Møre og Romsdal.

Fotograf: Illustrasjon: Kartverket.
Dato 16. mars 2022 13:00 - 13:45
Sted Digitalt (Teams)

Vi testar ut ny teknologi for datainnsamling. Dette inkluderer ubemanna fartøy i lufta og på sjøen, ulike sensorar som Lidar, ekkolodd og hyperspektralt kamera. Målet er å etablere ein metodikk som kan effektivisere kartleggingsarbeidet i grunne sjøområde. På webinaret delar vi erfaringar vi har gjort så langt.

Kartverket, Havforskingsinstituttet og Norges geologiske undersøking samarbeider om å samle inn og dele kunnskap og data om havbotn langs kysten av Noreg.

I pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona kartleggjast tre pilotområde: Stavanger, Giske/Ålesund og Skjervøy/Kvænangen. Målet er å etablere eit nasjonalt program for kartlegging av heile kysten. 

Program:

  • Innleiing om djupnekartlegging og utførte aktiviteter ved Helge Welde frå Kartverket
  • Korleis kan teknologiane vi har testa brukast til biologisk kartlegging? ved Jonas Thormar, Havforskinginstituttet
  • Bruk av AUV i Mareano-programmet. Korleis kan same teknologi brukast i Marine grunnkart i kystsona? ved Terje Thorsnes, Noregs geologiske undersøking
  • Ubemanna plattformar for kartlegging:
    • Dronar med laser (Lidar) og pilotar som styrer dronar i heile verda ved José Luis Gil Yepes frå Nordic Unmanned
    • SyriUS (satellitt-data + USV) og bruk av USV* på veldig grunt vatn ved Stephanie Kemna frå Maritime Robotics
    • Ubemanna/fjernstyrte USV-konsept ved Tomas Frafjord frå Xocean
  • Spørsmål

Webinaret på 45 minutt er digitalt og kan sjåast på Teams via denne lenkja. Opptak av webinaret vil bli gjort tilgjengeleg i etterkant.

*USV (unmanned surface vehicle) - ubemanna overflatefartøy