Toktrapport nr. 3 - 2013 - Kysttokt hausten 2013

Sammendrag

Hovudføremålet med toktet er å  framskaffa indeksar for talet på fisk og data over lengde og vekt for kvar aldersgruppe av sei og kysttorsk nord for 62ºN til bruk i bestandsvurderingar.
Det var ein ny nedgang i registreringane av sei samanlikna med 2012 til det nest lågaste nivået sidan 1997. Indeksane for alle aldersgrupper var under gjennomsnittet.
Det var ein auke i indeksane av kysttorsk for alle aldersgrupper utanom 3-åringane. Akustisk gytebiomasse auka med 50 % samanlikna med 2012, og nivået er det høgaste sidan 2007.