Toktrapport nr. 4 - 2015: Kysttokt hausten 2015

Sammendrag

Hovudføremålet med toktet er å  framskaffa indeksar for talet på fisk og data over lengde og vekt for kvar aldersgruppe av sei og kysttorsk nord for 62ºN til bruk i bestandsvurderingar.
Det var ein liten auke i dei akustiske registreringane av sei samanlikna med 2014,  men nivået er framleis mellom dei lågaste sidan 1997. Bare indeksane for 2- og 5-åringane var over gjennomsnittsnivå.
Det var ein nedgang i indeksane av kysttorsk for alle aldersgrupper utanom 1-3 åringane. Den akustiske gytebiomassen var om lag  55 % lågare enn den høge registreringa i 2014, men om lag 20 % over 2012 nivået.