Gå til hovedinnhold

Toktrapport nr. 15 - 2016: Kysttokt hausten 2016

Sammendrag

Hovudføremålet med toktet er å framskaffa indeksar for talet på fisk og data over lengde og vekt for kvar aldersgruppe av sei og kysttorsk nord for 62ºN til bruk i bestandsvurderingar. Det var ein ny auke i dei akustiske registreringane av sei samanlikna med føregåande til eit nivå på 80 % av gjennomsnittet for 1997-2015. Indeksane for 2- 3- og 6 år gamal og eldre fisk var over gjennomsnittsnivå.

For kysttorsk var det ein 25 % nedgang i indeksane for 1-2 åringar og ein 15 % auke for 3 år gamal og eldre fisk. Akustisk gytebiomasse var om lag 20 % høgare enn i 2015.