Kvoteråd: Lodde ved Island/Jan Mayen

Publisert: 10.06.2011 Oppdatert: 12.06.2019
Status
Talet på 1-åringar vart hausten 2010 målt til 90 milliardar individ, som er det høgast observerte sidan 2001. Eit fiske på 732 000 tonn er berekna å gje ein gytebestand våren 2012 på 400 000 tonn, som er forvaltingsmålet.
Forvaltingsråd
Tradisjonelt er det sett ein førebels kvote på 2/3 av den førebels utrekna kvoten. Den islandske reknemåten er ikkje godkjend av ICES fordi det ikkje er samsvar mellom den dødeligheten som er brukt (basert på toktmålingar) og utrekningar av dødelighet frå torskens konsum av lodde basert på mageprøver av torsk. Derfor tilrår ICES å vere meir forsiktig enn den opphavelege regelen og tilrår ein kvote på 50% av den førebels utrekna kvoten.
Havforskingsinstituttets kommentar
Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.
Viktige tal
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): ikkje bestemt
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): 400 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant