Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Vanleg uer


vanleg uer kvoterådbilde
Anbefalt kvote 2019
0
tonn
Anbefalt kvote 2018
0
tonn
Avtalt kvote 2018
Ingen kvote satt
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med føre-var-tilnærminga, at fangsten i 2019 og 2020 bør vere 0.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden syner ein negativ trend sidan seint på 1990-talet og er no på det lågaste nivået i heile tidsserien. Rekrutteringa i 2006 (2003-årsklassen) kjem no inn i gytebestanden og fisket, men gytebestanden har enno ikkje slutta å minka. Dei høge rekrutteringsestimata frå 2011 og 2012 er svært usikre. Fiskedødsraten (F) minka inn til rundt 2005 men aukar no igjen.

Bestandens tilstand

ICES vurderer gytebestanden til å vera under Bpa og Blim. Fiskepresset er over det som ville gjeve høgt langtidsutbyte.

Venta bestandsutvikling

Tilskotet frå den relativt sterke 2003-årsklassen til gytebestand og fiske er framleis ubetydeleg og usikkert. Inntil det er bevis for at rekruttar byrjar bidra til den fiskbare bestanden er ICES ikkje i stand til å peike på fangstnivå som vil gje ein auke i bestanden til over Blim. Rådet er derfor 0 fangst, både for kommersielt fiske og fritidsfiske.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Arten er vanskeleg å skilje frå snabeluer, særleg for dei yngste aldersgruppene. Sidan snabeluerbestanden er mykje større, er det fare for at nokre av eller alle dei små eksemplara identifisert som vanleg uer i tokta, og som større individ i fangstar, kan vera snabeluer. Dette medfører ei høg grad av uvisse om storleiken på dei årsklassane som er vurdert å vera lovande, som 2003-, 2008- og 2009-årsklassane.

Dei tilgjengelege toktseriane dekkar den yngre delen av bestanden. Bestandsmodellen har difor ingen god dekning på moden fisk, noko som fører til stor vekt på fiskeridata. For det meste blir det berre rapportert «uer» i fangstane, og andelen vanleg uer vert estimert ut frå historisk fangstmønster. Dette medfører også stor uvisse i vurderinga av moden bestand.

Saker relevant for rådet

Det er ikkje noko stort direkte fiske etter vanleg uer, og det er gjort tiltak for å prøve å redusere bifangst ved hjelp av områdestenging. Likevel har fiskedødsraten auka i seinare år, og strengare tiltak må til for å minimalisere alle former for fangst. Det er avgjerande både å verne det som er att av moden fisk og det som måtte finnast av rekruttar.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Alder- og lengdestrukturert modell (Gadget)

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 44 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 61 600 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): Ikkje definert
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje definert
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje definert
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,0525
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i 2018: Ukjent
Venta gytebestand i 2019: Ukjent

Standardplott


 

Vanleg uer. Utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand.

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES, og peikar på at gjennomførte tiltak for å redusere bifangst ikkje har gitt ønska effekt og difor bør utvidast.