Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat


Brisling (Sprattus sprattus)
Fotograf: Fotograf: Erling Svensen
Anbefalt kvote 2021-2022
106 715
tonn
Anbefalt kvote 2020-2021
207 807
tonn
Avtalt kvote 2020-2021
207 807
tonn

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten frå 1. juli 2021 til 30. juni 2022 ikkje overstig 106 715 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Biomassen av gytebestanden (SSB) 1. juli har vore over MSY Bescapement etter 2013. Fiskedødeligheita har vore høgare enn langtidsgjennomsnittet dei siste seks åra, bortsett frå 2019-2020. Rekrutteringa (R) 1. juli 2020 er estimert til å vere gjennomsnittleg.

Bestandens tilstand

ICES vurderer gytebestanden til å vere over MSY Bescapement, Bpa og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2021-2022 (tonn)

F i 2021-2022

SSB 1. juli 2022 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

% endring i råd***

SSB2022 ≥ MSY Bescapement med Fcap

106 715

0,69

208 733

+29

-49

-49

* SSB 1. juli 2022 samanlikna med SSB 1. juli 2021

**TAC i 2021-2022 samanlikna med TAC i 2020-2021

*** Råd for 2021-2022 samanlikna med råd for 2020-2021

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga har vist relativt konsistente trendar dei siste tre åra.

Saker relevant for rådet

Rådet er basert på MSY escapement strategien (med ein Fcap), der ein prediksjon av gytebestanden (SSB) etter fisket er avslutta vert brukt. Ein stor del av predikert SSB er rekruttar frå året før fisket. Både mengda og modningsgraden av desse rekruttane på gytetidspunktet er ukjende. Dette bidreg til usikkerheit i prognosen.

Dette rådet gjeld bestandseininga (basert på mellom anna genetikk og vekst) i Div. 3.a (Skagerrak-Kattegat) og Subarea 4 (Nordsjøen). Lokale, genetisk identifiserbare, bestandar eksisterer også i utkanten av Div. 3.a, langs kysten av Noreg, og truleg også Sverige. Norske kyst/fjord-bestandar er betre karakterisert og er ikkje del av denne vurderinga eller rådet. Innsatsen i fisket innan Div. 3.a er viktig å vurdere. Dersom ein betydeleg del av fiskeinnsatsen flyttar seg til kystområda av Div. 3.a, kan dette utarme lokale bestandar.

Grunnlaget for bestandsvurdering

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 94 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 125 000 tonn
Målsetting for gytebestand (MSY-Bescapement): 125 000 tonn
Øvre grense for fiskedødsrate (Fcap): 0,69
Venta fiskedødsrate i juli 2021 - juni 2022: 0,69
Venta gytebestand 1. juli 2022: 208 733 tonn

Standardplott

standardplott

Brisling i Div. 3.a og Subarea 4. Samandrag av bestandsvurderinga. Åra på x-aksane refererer til modellåra (for eksempel vil “2019” vere perioden juli 2019 til juni 2020); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli. Den lysare farga rekrutteringa og det diamantforma SSB-punktet er predikerte verdiar.