Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat


Brislingstim

Brisling (Sprattus sprattus)

Fotograf: Erling Svensen
Anbefalt kvote 2023-2024
143 598
tonn
Anbefalt kvote 2022-2023
68 690
tonn
Avtalt kvote 2022-2023
68 690
tonn

Historisk bestandsutvikling

Biomassen av gytebestanden (SSB) pr 1. juli har vore over MSY Bescapement etter 2013 bortsett frå i 2022, men er forventa å vere over igjen pr 1. juli 2023. Fiskedødeligheita har vore høgare enn gjennomsnittleg dei siste sju åra, bortsett frå i 2019. Rekrutteringa (R) 1. juli 2022 er estimert til å vere litt under gjennomsnittleg.

Bestandens tilstand

ICES vurderer størrelsen på gytebestanden til å vere over MSY Bescapement, Bpa, og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2023-2024 (tonn) F i 2023-2024 SSB 1. juli 2024 (tonn) % endring i SSB* % endring i TAC** % endring i råd***
SSB2024 ≥ MSY Bescapement med Fcap 143 598 0,69 250 950 21 109 109

* SSB 1. juli 2024 samanlikna med SSB 1. juli 2023
**TAC for 2023-2024 samanlikna med TAC for 2022-2023
*** Råd for 2023-2024 samanlikna med råd for 2022-2023

Den store auken (109 %) i tilrådd fangst skuldast hovudsakeleg sterkare rekruttering i 2022 samanlikna med dei siste åra, kombinert med ei oppjustering av SSB for 2022 samt ein auke i gjennomsnittsvekter for alle aldersgrupper.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga har vist relativt konsistente trendar dei siste fem åra. Dekninga på HERAS-toktet var redusert i 2022 og området som ikkje blei dekka bidreg i snitt med 7 % av totalestimatet (tal). Bestandsvurderinga inkluderer to andre tokt så konsekvensen er forventa å vere avgrensa.

Saker relevant for rådet

I 2018 til 2021 varierte fangstane i kvartal 2 frå 0,4 % til 10,7 % av totalen med eit gjennomsnitt på 5 %. I kvartal 2 av 2022 var fangstane 20 % av totalfangsten. For 2023 reknar ein med at prosentandelen vil vere innafor området observert før 2022.

Evalueringa (MSE) av forvaltningsstrategien for denne bestanden har ikkje teke omsyn til den mellomårlege kvotefleksibiliteten (10%) som vert praktisert  i fisket. Det er difor mogleg at denne praksisen ikkje er føre-var.

Rådet er basert på MSY escapement strategien (med eit tak, Fcap, på fiskedødsrate), der ein prediksjon av gytebestanden (SSB) etter fisket er avslutta vert brukt. Ein stor del av predikert SSB er rekruttar frå året før fisket. Både mengda og modningsgraden av desse rekruttane på gytetidspunktet er ukjende. Dette bidreg til usikkerheit i prognosen, men at fiskedødsraten er avgrensa av Fcap gjer at strategien er føre-var.  

Dette rådet gjeld bestandseininga (basert på mellom anna genetikk og vekst) i ICES Div. 3.a og Subarea 4 (Skagerrak-Kattegat og Nordsjøen).  Lokale, genetisk identifiserbare bestandar eksisterer også i utkanten av Div. 3.a og Subarea 4, langs kysten av Noreg, og truleg også Sverige. Ingen norske kystbrislingbestandar er del av denne vurderinga eller rådet.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 94 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 125 000 tonn
Målsetting for gytebestand (MSY-Bescapement): 125 000 tonn
Øvre grense for fiskedødsrate (Fcap): 0,69
Venta fiskedødsrate i juli 2023- juni 2024: 0,69
Venta gytebestand 1. juli 2024: 250 950tonn

Standardplott

Figur som viser sammendrag av bestandsvurderingen
Brisling i Div. 3.a og Subarea 4. Samandrag av bestandsvurderinga. Årstala refererer til modellåra (for eksempel vil “2019” vere perioden juli 2019 til juni 2020); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli. Den lysare farga rekrutteringa for 2022 og det diamantforma SSB-punktet er predikerte verdiar. Fangstar for 2022 (lysare farga søyle) er foreløpige og inkluderer fangstar fram til 1. mars 2023.