Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordsjøsild (sild i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og Den austlege engelske kanal)


Nordsjøsild fangst
Anbefalt kvote 2023
403 813
tonn
Anbefalt kvote 2022
523 438
tonn
Avtalt kvote 2022
427 628
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten i 2023 ikkje bør overstige 414 886 tonn.

Historisk bestandsutvikling

ICES vurderer fiskepresset på bestanden til å vere lågare enn FMSY; og gytebiomassen til å vere over MSY Btrigger, Bpa og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2023 (tonn) F (2-6) i 2023 Gytebestand i 2023 (tonn) % endring i gytebestand* % endring i kvote** % endring i råd***
MSY-tilnærminga 414 886 0,28 1 117 094 - 9,9 - 5,6 - 22

* Gytebestand i 2023 samanlikna med gytebestand i 2022
** Råd for 2023 samanlikna med kvote i 2022 (i direktefisket)
*** Råd for 2023 samanlikna med råd for 2022

Grunnlaget for ein 22 % reduksjon i fangstrådet er hovudsakleg nedgangen i bestandsbiomassen. I tillegg er gytebiomassen i prognoseåret (2023) estimert til å vere lågare enn MSY Btrigger, noko som inneber at fisketrykket vert skalert ned frå FMSY-referansepunktet. 

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Estimata for SSB og fiskedødeligheit er konsistente med fjoråret, mens rekrutteringa i 2021 er skalert ned i den siste bestandsvurderinga.

Saker relevant for rådet

Låg rekruttering til bestanden dei siste åra. Bestandsnivået har vore minkande dei siste åra grunna vedvarande låg rekruttering. Bruken av MSY-rådgjevingsregelen med tilhøyrande referansepunkt i kombinasjon med låg rekruttering kan halde bestanden under MSY Btrigger på kort til mellomlang sikt.

Fleire gytekomponentar av sild – vernande tiltak bør vidareførast. Nordsjøsilda (NSAS) har fleire gytekomponentar. For å bidra til å verne desse er det sett delkvoter for nokre område i Nordsjøen. Ein langsiktig forvaltingsplan bør utviklast for å sikre maksimal produktivitet for bestanden og verne alle komponentar.

Flåtedefinisjon som brukt i rådet. Ved adressering av NSAS-fangstalternativ, må fangst av A-, B-, C- og D-flåtane i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal vurderast samtidig. Inndata for fangst er fordelt på desse ulike flåtane basert på føresetnadar som avvik frå definisjonen av desse flåtane for forvaltingsføremål (basert på kvotefastsettingar). I samanheng med dette rådet er flåtane for augneblinken beskrive som følgjer:

Flåte A: Direkte fiske etter sild til konsum i Nordsjøen og den austlege engelske kanal, men inkluderer bifangstar av sild i det norske industrifisket. Fangsten av sild er nesten utelukkande nordsjøsild, med noko bifangst av vestleg baltisk sild i den austlege delen av Nordsjøen.

Flåte B: Industriell bifangstflåte frå EU-nasjonar som opererer i Nordsjøen retta mot brisling, augepål og tobis. Fangsten av sild vert rekna som utelukkande nordsjøsild.

Flåte C: Direkte fiske etter sild til konsum i Kattegat og Skagerrak. Denne flåten inkluderer også fangstar frå det småmaska svenske fisket. Fangsten av sild består av både nordsjøsild og vestleg baltisk sild.

Flåte D: Bifangst av sild i Kattegat og Skagerrak i det danske småmaska industrifisket etter brisling, augepål og tobis. Fangsten av sild består av både nordsjøsild og vestleg baltisk sild (WBSS).

Fleksibilitet mellom område. Overføringar av kvote frå Skagerrak/Kattegat til Nordsjøen gir ein auke i fangstar av nordsjøsild og lågare fangstar av vestleg baltisk sild. Slike overføringar er ikkje tekne med i ICES sitt MSY-råd for 2023.

Bifangst av WBSS-sild i nordaustre del av Nordsjøen vil kunne krevje nye forvaltingstiltak. Fangsten av WBSS i Nordsjøen har dei siste åra vore  betydeleg, men varierande. Dei forventa fangstane av WBSS i 2022 vil vere større i Nordsjøen enn i Skagerrak–Kattegat og vestlege Austersjøen. Utan ytterlegare areal- og sesongmessige restriksjonar på sildefisket i Nordsjøen i 2023, kan fangsten av WBSS i Nordsjøen vere av same storleik som tidlegare år (estimert til 5688 tonn basert på gjennomsnittet for perioden 2019–2021). ICES legg i prognosen til grunn at fisket i den austlege delen av Nordsjøen vil halde fram sjølv om det truleg vil bli ein betydeleg fangst av WBSS som ICES tilrår nullfangst for.

Aktivitetar som har negativ innverking på gytehabitat bør ikkje tillatast. Aktivitetar som kan ha ei negativ innverknad på silda sitt gytehabitat bør ikkje førekome med mindre effektane av desse aktivitetane er vurdert og vist ikkje å vere skadelege.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 874 198 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 956 483 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 1 232 828 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,40
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,31
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,31
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): ingen forvaltningsplan*
Venta fiskedødsrate F(2-6) i 2022: 0,27
Venta gytebestand i 2022: 1 240 164 tonn

* EU-Noreg bad ICES vurdere ulike forslag til forvaltningsplanar. ICES presenterte resultata i ein rapport i 2019, men det er ikkje semje om ein ny forvaltningsplan enno.

Standardplott

Standardplott nordsjøsild
Sild i ICES Subarea 4 og Div. 3.a og 7.d, haustgytarar. Samandrag av bestandsvurderinga; 95 % konfidensintervall er viste for gytebestand (SSB), F, og rekruttering.