Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordsjøsild (sild i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal)


En haug med små sølvfarget fisk

Nordsjøsild er en pelagisk stimfisk som finnes i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat.

Fotograf: Jan de Lange / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2024
522 832
tonn
Anbefalt kvote 2023
403 813
tonn
Avtalt kvote 2023
396 556
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten i 2024 ikkje bør overstige 532 166 tonn.

Fangsten av vestleg baltisk sild i fisket etter nordsjøsild i den austlege delen av ICES-område 4.a og 4.b bør minimerast.

ICES tilrår at ein ikkje tillèt aktivitetar på gytefelta med mindre effektane av desse er vurderte og vist å ikkje vere skadelege.

Historisk bestandsutvikling

Fiskepresset på bestanden er lågare enn FMSY, og gytebiomassen er over MSY Btrigger, Bpa og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2024 (tonn)

F(2-6) i 2024

Gytebestand i 2024 (tonn)

% endring i gytebestand*

% endring i kvote**

% endring i råd***

MSY-tilnærminga

532 166

0,31

1 482 555

0,1

31,8

28,3

* Gytebestand i 2024 samanlikna med gytebestand i 2023

** Råd for 2024 samanlikna med kvote i 2023 (i direktefisket)

*** Råd for 2024 samanlikna med råd for 2023

Grunnlaget for ein auke på 28,3% i fangstrådet er tredelt. For det første er gytebestanden i 2022 estimert til å vere 32,5% større enn predikert i 2022-rådet. For det andre er rekrutteringa i 2022 (2021 årsklassen) no estimert til å vere 87,3% større enn det ein la til grunn. Bidraget frå denne årsklassen til rådet for 2024 er 32,6%. Til sist er gytebestanden forventa å vere over MSY Btrigger, noko som gjev eit råd basert på Fmsy i 2024, i motsetnad til lågare enn Fmsy som i 2023.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

I 2023 bestandsvurderinga er estimata for gytebestand oppjustert for dei siste åra samanlikna med i 2022. Fiskedødeligheita er konsistent med fjoråret.

Saker relevant for rådet

Teikn til sterk rekruttering. Rekrutteringa til bestanden har vore låg i perioden 2015-2021. 2022 rekrutteringa (2021 årsklassa) er mykjehøgare, ifølge toktresultata frå både IBTS-Q1 og -Q3.

Auka gytebestand. Ei generell auke i bestandsnivå er estimert for 2022. Det er forventa at den sterke rekrutteringa frå 2022 (2021 årsklassen) vil bidra positivt til nivået på gytebestanden frå 2024 (32.6%) og framover.

Fleire gytekomponentar av sild – vernande tiltak bør vidareførast. Nordsjøsilda (NSAS) har fleire gytekomponentar. For å bidra til å verne desse er det sett delkvoter for nokre område i Nordsjøen. Ein langsiktig forvaltingsplan bør utviklast for å sikre maksimal produktivitet for bestanden og verne alle komponentar.

Flåtedefinisjon som brukt i rådet. Ved adressering av NSAS-fangstalternativ, må fangst av A-, B-, C- og D-flåtane i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal vurderast samtidig. Inndata for fangst er fordelt på desse ulike flåtane basert på føresetnadar som avvik frå definisjonen av desse flåtane for forvaltingsføremål (basert på kvotefastsettingar). I samanheng med dette rådet er flåtane for augneblinken beskrive som følgjer:

Flåte A: Direkte fiske etter sild til konsum i Nordsjøen og den austlege engelske kanal, men inkluderer bifangstar av sild i det norske industrifisket. Fangsten av sild er nesten utelukkande nordsjøsild, med noko bifangst av vestleg baltisk sild i den austlege delen av Nordsjøen.

Flåte B: Industriell bifangstflåte frå EU-nasjonar som fiskar etter brisling, augepål og tobis i Nordsjøen. Fangsten av sild vert rekna som nordsjøsild.

Flåte C: Direkte fiske etter sild til konsum i Kattegat og Skagerrak. Denne flåten inkluderte til og med 2021 også fangstar frå det småmaska svenske fisket. Fangsten av sild består av både nordsjøsild og vestleg baltisk sild.

Flåte D: Bifangst av sild i Kattegat og Skagerrak i det danske, og, frå 2022, det svenske småmaska industrifisket etter brisling, augepål og tobis. Fangsten av sild består av både nordsjøsild og vestleg baltisk sild (WBSS).

Fleksibilitet mellom område. Overføringar av kvote frå Skagerrak/Kattegat til Nordsjøen gir ein auke i fangstar av nordsjøsild og lågare fangstar av vestleg baltisk sild. 2023-overføringa er ikkje kjent enno. Implikasjonane av overføring er kanskje ikkje fullt ut tatt omsyn til i ICES sitt råd for 2024.

Fangstar av vestleg baltisk sild (WBSS) i nordaustre del av Nordsjøen vil krevje nye forvaltingstiltak. ICES gjev eit nullråd for WBSS. Fangsten av WBSS i Nordsjøen har dei siste åra vore betydeleg (estimert til 5236 tonn i snitt i 2020-2022), men varierande. Dei forventa fangstane av WBSS i 2023 vil vere større i Nordsjøen enn i Skagerrak-Kattegat og vestlege Austersjøen. Utan ytterlegare område- og sesongmessige restriksjonar på sildefisket i Nordsjøen i 2024, vil fangstar av WBSS i Nordsjøen vere uunngåelege, noko som vil forseinke gjenoppbygging av WBSS bestanden.

Aktivitetar som har negativ innverknad på gytehabitat bør ikkje tillatast. Aktivitetar som kan ha ei negativ innverknad på silda sitt gytehabitat (for eksempel uttak av grus eller bygging av vindparkar) bør ikkje førekome med mindre effektane av desse aktivitetane er vurderte og vist ikkje å vere skadelege. Grussubstrat er eit viktig habitat for sildegytinga om hausten.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori 1

Bestandsvurderingstype: Alders-strukturert modell (SAM)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 874 198 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 956 483 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY Btrigger): 1 232 828 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,40
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,31
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,31
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): ingen forvaltningsplan
Venta fiskedødsrate F(2-6) i 2023: 0,238
Venta gytebestand i 2023: 1 480 607 tonn

Standardplott

Figurer som viser bestandsvurdering av sild i ices område 4
Sild i ICES område 4 og Div. 3.a og 7.d, haustgytarar. Samandrag av bestandsvurderinga. Den grå diamanten i gytebestandsfiguren er predikert biomasse ved gytetid i 2023. wr er vinterringar (alder).