Brisling (Sprattus sprattus)
Fotograf: Erling SvensenPublisert: 30.04.2025
ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten frå 1. juli 2025 til 30. juni 2026 ikkje overstig 236 114 tonn.
Biomassen av gytebestanden (SSB) per 1. juli er estimert til å ha vore over MSY Bescapement etter 2013 bortsett frå i 2024, og er forventa å vere over MSY Bescapement igjen 1. juli 2025. Fiskedødeligheita har variert mellom 0,60 og 1,93 det siste tiåret, bortsett frå i 2023 då F var 2,5. Rekrutteringa i 2024 er estimert til å vere 97% høgare enn gjennomsnittet.
ICES vurderer størrelsen på gytebestanden til å vere over MSY Bescapement, Bpa, og Blim.
Bakgrunn |
Fangst 2025-2026 (tonn) |
F i 2025-2026 |
SSB 1. juli 2026 (tonn) |
% endring i SSB* |
% endring i TAC** |
% endring i råd*** |
SSB2026 ≥ MSY Bescapement med Fcap |
236 114 |
1,01 |
225 010 |
-18 |
214 |
214 |
* SSB 1. juli 2026 samanlikna med SSB 1. juli 2025
** TAC for 2025-2026 samanlikna med TAC for 2024-2025
*** Råd for 2025-2026 samanlikna med råd for 2024-2025
Auka på 214% i tilrådd fangst skuldast sterk rekruttering i 2024; den sterkaste rekrutteringa sidan 1979.
Brisling er eit viktig byttedyr i Nordsjøen, og den naturlege dødeligheita frå fleirbestandsmodellen SMS som blir nytta i bestandsvurderingsmodellen for havbrisling inkluderer predasjon frå fleire typar sjøfugl og rovfisk (for eksempel makrell og kviting).
Rådet er basert på ein MSY «escapement strategy» med ein Fcap, som er avhengig av ein prediksjon av SSB etter at fisket har funne stad. Rekruttar frå føregåande år utgjer ein stor del av den predikerte gytebestanden, og både mengda av desse og kor stor del av dei som er moden på gytetidspunktet er ukjent. Dette bidreg til prognose-usikkerheit, men denne vert dempa av Fcap.
Den realiserte fiskedødeligheita er ofte høgare enn fiskedødeligheita nytta for å gje råd (Fcap). Dette mønsteret vart også observert når rådgjevingsregelen for «escapement strategy» blei evaluert. Trass i avvik mellom forventa og realisert fiskedødeligheit, vart strategien vurdert som passande for å gje råd.
Evalueringa av forvaltningsstrategien (MSE) for denne bestanden har ikkje teke omsyn til mellomårleg kvotefleksibilitet. Å implementere ein slik praksis, som fiskeriet gjer i dag, vil difor ikkje vere føre-var.
ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SMS)
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 107 598 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 135 952 tonn
Målsetting for gytebestand (MSY Bescapement): 135 952 tonn
Øvre grense for fiskedødsrate (Fcap): 1,01
Venta fiskedødsrate i juli 2025- juni 2026: 1,01
Venta gytebestand 1. juli 2026: 225 010 tonn
Havbrisling i ICES Division 3.a og Subarea 4 (Skagerrak-Kattegat og Nordsjøen). Samandrag av bestandsvurderinga. Årstala refererer til modellåra (for eksempel vil “2024” vere perioden juli 2024 til juni 2025); rekruttering og gytebestand (SSB) er for 1. juli. Den lysare farga rekrutteringa for 2025 og det diamantforma SSB-punktet for 2025 er predikerte verdiar. Fangstar for 2024 (lysare farga søyle) er foreløpige og inkluderer fangstar fram til 1. mars 2025.