Avtalt kvote 2025: i direktefisket i Nordsjøen.
Publisert: 30.04.2025
ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten i 2026 ikkje bør overstige 287 772 tonn.
I fisket etter nordsjøsild vert det også teke noko vest-baltisk vårgytande sild (WBSS), ein bestand som er under Blim. Det bør vere nullfangst av WBSS i 2026 om fisket skal vere i tråd med ICES rådet. Ein kan unngå fangst av WBSS om ein let vere å fiske i den austlege delen av Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat.
Fiskepresset på bestanden er høgare enn FMSY, og gytebiomassen er over MSY Btrigger, Bpa og Blim.
Bakgrunn |
Fangst 2026 (tonn) |
F(2-6) i 2026 |
Gytebestand i 2026 (tonn) |
% endring i gytebestand* |
% endring i kvote** |
% endring i råd*** |
MSY-tilnærminga (FMSY x SSB 2026 / MSY Btrigger) |
287 772 |
0,224 |
1 073 298 |
-13,8 |
-27,2 |
-30,2 |
* Gytebestand i 2026 samanlikna med gytebestand i 2025
** Råd for 2026 samanlikna med kvote i 2025 (begge deler i direktefisket, den såkalla A-flåten)
*** Råd for 2026 samanlikna med råd for 2025
Nedgangen på 30,2 % i fangstrådet skuldast revisjonen av MSY-referansepunkta i 2025 og nedgangen i bestanden forårsaka av dårleg rekruttering dei siste åra, den lågaste sidan slutten av 1970-talet.
I 2024-2025 vart det gjennomført ei evaluering av forvaltningsstrategiar (MSE) for nordsjøsild.
Resultata avslørte at MSY-referansepunkta som vart berekna under HAWG 2024 ikkje var føre-var, noko som kvalifiserer for ein revisjon basert på MSE-resultata.
Den oppdaterte bestandsvurderinga er i tråd med bestandsvurderinga frå 2024.
Fiskemoglegheitene
Oppdatering av referansepunkt etter siste MSE på nordsjøsild. MSYBtrigger vart revidert ned frå 1 130 747 tonn til 1 100 000 tonn, som er over Bpa. Ved å bruke målfiskedødeligheita knytta til denne Btrigger-verdien, vart FMSY kraftig redusert, frå 0,32 til 0,23.
Dårleg rekruttering siste åra. Bestanden har hatt låg produktivitet sidan 2002, og 2025 rekrutteringa er estimert til å vere svært dårleg.
Forutsetnader for B-flåten i prognosen. ICES si regel for MSY-rådgjeving har ikkje rom for fleire aldersspesifikke mål for fiskedødeligheit. I ICES si MSY-tilnærmingsprognose blir B-flåten, som hovudsakeleg fangar alderen 0-1, vert fiskedødeligheita skalert med A-flåten, som hovudsakeleg fangar alder 2-6, si fiskedødeligheit. Dette gjev ein F0-1=0,036 (fangst på 5 048 tonn).
Gytekomponentar. Nordsjøsild har fleire gytekomponentar, inkludert Downs-silda som gyt i sør. Desse komponentane vert fiska på eigne gytefelt og i eit blanda fiskeri i den sentrale og nordlege Nordsjøen. For å bidra til å beskytte Downs-komponenten er det sett ei makskvote for fiskeriet i sør (Div. 4.c og 7.d).
Flåtedefinisjon som brukt i rådet. Ved adressering av fangstalternativ for nordsjøsild, må fangst av A-, B-, C- og D-flåtane i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal vurderast samtidig. Fangstdata er fordelt på desse flåtane basert på føresetnadar som avvik frå flåtedefinisjonen for forvaltingsføremål (som er basert på kvotefastsettingar). Noreg fiskar nesten berre i A-flåten (som er beskrive under), bortsett frå nokre få fangstar i Skagerrak (C-flåten):
A-flåten: Direkte fiske etter sild til konsum i Nordsjøen og den austlege engelske kanal, men inkluderer bifangstar av sild i det norske industrifisket. Fangsten av sild er nesten utelukkande nordsjøsild, med noko fangst av vestleg baltisk sild i den austlege delen av Nordsjøen.
Fleksibilitet mellom område. Overføringar av kvote frå Skagerrak-Kattegat til Nordsjøen gir ein auke i fangstar av nordsjøsild og lågare fangstar av vestleg baltisk sild. 2026-overføringa er ikkje kjent enno. Implikasjonane av overføringa er berre teken omsyn til i eit spesifikt fangstscenario.
Fangstar av WBSS-sild i nordaustre delar av Nordsjøen vil krevje nye forvaltingstiltak. ICES gjev eit nullråd for WBSS. Fangsten av WBSS i Nordsjøen dei siste åra er estimert til 4 028 tonn (gjennomsnitt for 2022-2024). Fangstane av WBSS i 2025 er forventa å forsetje å vere større i Nordsjøen enn i Skagerrak-Kattegat og vestlege Austersjøen. Utan ytterlegare område- og sesongmessige restriksjonar på sildefisket i Nordsjøen i 2026, vil fangstar av WBSS i Nordsjøen vere uunngåelege, noko som vil forseinke gjenoppbygging av WBSS bestanden.
Utkast. Urapportert utkast av sild i botnfisket i den sørlege Nordsjøen og den Engelske kanal er observert dei siste åra. ICES har ikkje klart å kvantifisera omfanget av utkastet, men det er rekna for å vere ubetydeleg totalt sett.
Om verneaspekta
Aktivitetar som har negativ innverknad på gytehabitat bør ikkje tillatast. Aktivitetar som kan ha ei negativ innverknad på silda sitt gytehabitat (for eksempel uttak av grus eller bygging av vindparkar) bør ikkje førekome med mindre effektane av desse aktivitetane er vurderte og vist å ikkje vere skadelege. Førebels er ikkje ICES fullt ut i stand til å kvantifisere nivået og den relative innverknaden av samla påverknad frå anna menneskeleg aktivitet enn fiskeri på bestanden si reproduksjonsevne.
ICES bestandskategori 1
Bestandsvurderingstype: Alders-strukturert analytisk bestandsvurderingsmodell (SAM)
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 828 874 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 1 049 521 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY Btrigger):1 100 000 tonn
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,23
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,23
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): ingen forvaltningsplan
Venta fiskedødsrate F(2-6) i 2025: 0,286
Venta gytebestand i 2025: 1 245 695 tonn