Gå til hovedinnhold

Antarktis: Sørishavet


Antarktis Sørishavet Kjartan Mæstad

"G.O. Sars" og isfjell i Antarktis

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Sørishavet omringer kontinentet Antarktis. Det er eit lukka økosystem, klart avgrensa frå havområda rundt, på grunn av polarfronten. Fronten blir danna der det iskalde antarktiske vatnet møter varmare vassmassar frå nord og «stenger inne» økosystemet.

Sørishavet kan delast inn i tre ulike soner: ei ytre, isfri sone, ei midtre sone og ei indre sone med permanent is rundt Antarktis. Det er mest liv og røre i den midtre sona, og det er her krilen held til.

Kril er ein nøkkelart i Sørishavet. Den er den viktigaste maten for fisk, blekksprut, pingvinar, sel og kval. Det er uvanleg lange steg mellom dei ulike ledda i næringskjeda i Sørishavet. Det betyr at den vesle krilen et mikroskopiske små fytoplankton – for så igjen å bli spist av ein diger kval.

Noreg er størst blant nasjonane som driver kommersielt fiske på kril i Antarktis. Derfor har Noreg eit ansvar for å sikre at fangsten er berekraftig og ikkje skader økosystemet. Havforskingsinstituttet bidrar med forsking og overvaking for å levere eit kunnskapsgrunnlag til krilforvaltinga. Resultata våre, i form av analyser og rapportar, blir presenterte i internasjonale forum.