Gå til hovedinnhold

Etneelva


Elv med laksefelle

Oppvandringsfella ved Nasjonal forskingsplattform dekker heile Etneelva på tvers slik at all fisk må vandre gjennom ho.

Den 40 meter breie flyteristfella som dekkar tverrsnittet av elva, representerer eit av dei mest nøyaktige datasetta i Europa på absolutt mengde rømt oppdrettsfisk, og på storleik og mellomårsvariasjonar i gytebestandar hos villaks og sjøaure.

 

Den nasjonale forskingsplattforma i Etneelva er viktig infrastruktur for forsking og forvalting. Plattforma leverer materiale og data til fleire nasjonale overvakingsprogram og undersøkingar av mellom anna:

  • Rømt oppdrettsfisk: absolutt mengde, storleik, kjønnsmodning, rømingstidspunkt, oppvandringsperiode, struktur og opphav, helsestatus, avliving
  • Villaks: absolutt mengde, storleik, tilvekst og kondisjon, kjønnsfordeling og rognmengde, oppvandringsperiode, marin overleving
  • Sjøaure: absolutt mengde, storleik, tilvekst og kondisjon, kjønnsfordeling og rognmengde, oppvandringsperiode, marin overleving
  • Effektar av lakselus på villaks og sjøaure

All villfisk som passerer fella må avlevera ein DNA-prøve frå ein liten flik av feittfinna. Prøven gir svar på blant anna genetisk påverknad frå rømt oppdrettsfisk, slektskap, og kor mange gonger fisken har gytt.

Så godt som all oppvandrande fisk må innom fella. Ved storflaum kan noko fisk passere over den, men metodar for å måle fangsteffektiviteten til fella, viser at det er særs få oppdrettsrømlingar som greier dette.

Arbeidet med å ta ut rømt fisk er støtta av Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO).

Temperatur i elva det siste året

Sjå direktevideo frå Etneelva

Figurs om viser kumulativ oppvandring uke 41_2023