Gå til hovedinnhold

Prosjekt: Marine grunnkart i kystsonen

Landskapsbilde som viser hvordan terrenget ser ut både over og under vannflaten.

Frå Søre Vaulen i Fosnavåg, Møre og Romsdal.

Fotograf: Illustrasjon: Kartverket.
Partnere Kartverket, Havforskningsinstituttet og Norges geologiske undersøkelse
Prosjektet ledes av Kartverket

Vi kartlegg havbotnen langs norskekysten heilt inn til fjæresteinane, der folk lever, jobbar og bor.

Kartverket, Norges geologiske undersøkelse og Havforskingsinstituttet samlar inn og deler kunnskap og data for ein berekraftig utvikling og forvalting i kystsona. Ved å etablere og forvalte ny kunnskap om den verda som ligg under vassflata, kan Noreg ta ut kysten sitt utviklingspotensial på ein berekraftig måte, til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. For å unngå å utvikle kysten i blinde, er vi avhengige av grunnleggande kunnskap – marine data.

Regjeringa bevilga penger over statsbudsjettet 2020 til eit pilotprosjekt med oppstart i tre område; Stavanger i Rogaland, Ålesund og Giske i Møre og Romsdal, og Kvænangen og Skjervøy i Troms og Finnmark fylke. Prosjektet er ein dugnad der også andre fagmiljø deltar, og kommunar og fylkeskommunar bidreg i finansieringa.

Prosjektet «Marine grunnkart i kystsona» skal bidra til styrking av dei blå næringane, og til utvikling av små og store norske kystsamfunn.

  • Prosjektleiar for pilotprosjektet er Hanne Hodnesdal i Kartverket, tlf. 518 58 823
  • Prosjektleiar Havforskingsinstituttet, Frithjof Moy, tlf. 478 00 024
  • Prosjektleiar Norges geologiske undersøkelse, Reidulv Bøe, tlf. 990 91 737

Kartverket, NGU og HI har på lengre sikt ambisjon om å kartlegge heile den norske kystsona, eit område på heile 100.000 kvadratkilometer.

Prosjektteamet i Kartverket, NGU og HI skal levere eit beslutningsgrunnlag til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i oktober 2021 for å kunne vurdere og eventuelt starte opp eit nasjonalt program frå 2023. «Marine grunnkart i kystsona» er også eit av tiltaka i regjeringen sin nasjonale geodatastrategi.