Gå til hovedinnhold

NOT CACHED

Plastlaboratoriet

Havforskingsinstituttet sitt nye plastlaboratorium opna i mai 2019. Det er utstyrt med topp moderne og avansert analyseutstyr for å finne mengde og type plast av den minste og farligaste mikroplasten. Dette er blant dei mest avanserte plastlaboratoria vi kjenner til. Her har vi mikroskop som kan bestemme plasttype av partiklar ned til 3 µm.

Laboratoriet er utstyrt med luftfiltrering, overtrykk og sluse. Dette er nødvendig fordi det er så mykje plast i støvet/lufta at det kan forstyrre analyseresultata. I tillegg er det brenneovn, inkubasjonsovn for ulike temperaturar, spesialarbeidsbenk for å beskytte prøvene for støv, ein kjøtkvern for å dele opp fiskefileter før vi løyser dei opp, presisjonsvekt for å veie inn plast til samanlikning, masse plastfritt forsøksutstyr med meir. 

Vi utvikler og tar i bruk nye metodar, blant anna for å få informasjon om antal, størrelse, fasong, type plast og tilsettingsstoff. Nokre metodar er eigenutvikla og nokre blir gjort i samarbeid med andre laboratorium.

Ein av analysemetodane er ein form for pyrolyse, der plasten blir varma opp til gass i oksygenfritt miljø. Da brenn den ikkje opp, men blir delt opp i mindre delar som kan sorterast som gass, og så målast.

Mikroplast er eitt av fire fagområde under Kjemi- og framandstoff-laboratoriet

 

For å se på forekomsten av mikroplast i overflaten brukes en Mantatrål med maskestørrelse 180 mikrometer. Foto: Christine Fagerbakke / HI
For å finne mikroplast i overflata bruker vi ein Mantatrål med maskestørrelse 180 mikrometer (her frå Byfjorden i Bergen). Foto: Christine Fagerbakke / HI.