Gå til hovedinnhold

Skal tilsetja over 30 nye sjøfolk

Havforskingsinstituttet lyser ut 34 stillingar. Dei fleste er på «Kronprins Haakon» – det nye isgåande forskingsfartøyet som kjem til Noreg til hausten.

«Kronprins Haakon» fekk nyleg vatn under kjølen. I byrjinga av mars var det sjøsettingsseremoni på verftet i Genova. Fartøyet blir ferdig utrusta i Noreg, og 70 prosent av utstyr og instrumentering om bord vil koma frå norske leverandørar. Les meir om skipet her.

Stillingar på nye og «gamle» fartøy

Kaptein, maskinsjef og skipselektriker er alt på plass, men utover det skal heile skipet oppbemannast. Det vert søkt etter førstemaskinist, andremaskinist, forpleiningssjef, forpleiningsassistent, førstestyrmann, matrosar, overstyrmann og trålbas/nettmann. Det blir tilsett fleire i kvar stilling.
Det er venta mange interne søkjarar. Dersom dei får jobb på «Kronprins Haakon», blir det ledige stillingar på dei andre fartøya til Havforskingsinstituttet.

Eigen kontakttelefon

Sist instituttet lyste etter fleire sjøfolk, var det veldig stor interesse. Over 1600 søkte på dei vel 25 ledige stillingane. I høve den nye utlysinga er det oppretta ein eigen kontakttelefon som er bemanna kvardagar mellom klokka 09.00 og 11.30. Nummeret er 458 74 548.

Alle interesserte må søkja elektronisk.Stillingane er også å finna på sidene til NAV, Finn.no og under Ledige stillingar på imr.no. Manuelle søknader blir ikkje behandla. Søknadsfrist er 5. april.