Gå til hovedinnhold

Går for pent brukt i nye kontor


MX0B6462

Møblane i HI-resepsjonen er omtrekte bruktmøblar. Her prøvesit Øystein Brun (direktør for teknisk infrastruktur), Merete Fonn (leiar for stasjon Bergen) og havforskingsdirektør Sissel Rogne "ny" gammal sofa.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

– Gjenbruk er i tråd med verdiane våre, men det er også direkte stilig, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne. HI har innreia 125 nye kontor med bruktmøblar.

Instituttet har fleire flytteprosessar på gang. I Bergen flyttar fleire avdelingar inn i nye lokale i Strandgaten. I tillegg til fellesareal, er der 125 kontor. I Tromsø skal dei tilsette inn i det nye Framsenteret.
 
– Havforskingsinstituttet har spesielt ansvar for å vere eit miljøfyrtårn. Det skal skinne gjennom i heile organisasjonen. Vi tenker på det ved innkjøp, logistikk og ressursbruk. Ved overgang til nye lokale, satsar vi på brukte møblar, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Brukt, men ikkje antikt

Det er likevel ikkje slik at havforskarane har blitt plassert bak tunge antikvitetsmøblar av mørk eik. Instituttet har tatt med seg mange eldre møblar, men med splitter nye lokale er det ikkje alt som passar inn verken i stil eller fasong.
 
– Dei «nye» gamle sittemøblane er omtrekte og ser flotte ut. Vi har valt fargane til å passe stilen vi no gjennomfører i nye lokale. Det er også kvalitetsmøblar i utgangspunktet, fortel Merete Fonn, leiar for HI sine bygg i Bergen.
 
I tillegg er det snakk om moderne hev/senk-pultar, hylleseksjonar, innreiing til sosiale rom, skuffer og skap.

Også innbytte på møblar

– Vi har gått gjennom byrå som er spesialiserte på brukte kontormøblar og tatt innbytte i dei møblane vi ikkje lenger kan bruke sjølv. Dermed kan dei få nytt liv hos andre, seier Merete Fonn.
 
I tillegg til å vere både etisk og stilig, sparer instituttet også pengar, truleg over 50 prosent. No er planen å gjenta innreiingssuksessen for kontora i Framsenteret i Tromsø, der HI skal inn til våren og eventuelt ved andre flyttingar i framtida.
 
– Vi håpar andre bedrifter også har sett moglegheitene i bruktmarknaden. Brukt er økonomisk, bra for miljøet, og det kan sanneleg vere fint oppsummerer Sissel Rogne.