Gå til hovedinnhold

laks i oppdrett

DNA-et avslører lakserømlingane

Ved hjelp av DNA-prøvar av både rømt laks og oppdrettsfisk, avslørar forskarane kva oppdrettsanlegg rømlingane kjem frå.

Sjølv om dei fleste oppdrettarane er flinke til å rapportere inn til forvaltinga når fisk har klart å rømme, vert det med ujamne mellomrom oppdaga rømt fisk utan at det har blitt rapportert. Då vert ofte Havforskingsinstituttet kontakta og vårt eige «CSI-team» trår til for å undersøke DNA-et til rømlingane.

— Urapporterte rømmingar vert gjerne oppdaga ved at lokale fiskarar får uvanleg mykje rømt laks i eit område, forklarar Øystein Skaala. Han er ein av forskarane som har utvikla «DNA-Beredskapsmetoden» som avslørar rømlingane.

Når ei urapportert røming er oppdaga, er det ønskeleg å finne ut kva anlegg fisken kjem frå. Det er her DNA-metoden til Havforskingsinstituttet kjem inn i biletet.

— Enkelt forklart analyserer vi først DNA-prøvar av både rømlingane og av oppdrettsfisk i anlegga i området. Deretter samanliknar vi desse, og oftast får vi tydeleg utslag som peikar på eit spesifikt anlegg, forklarar Skaala.

Treffsikker

Metoden vart utvikla av forskarar ved Havforskingsinstituttet for fleire år sidan. Hovudmålet var å utvikle ein metode som kunne brukast ved større, urapporterte rømmingar. Bakgrunnen for arbeidet var arbeidet som Merkeutvalet gjorde. Dette utvalet vart sett ned på bakgrunn av føringar frå Stortinget og Fiskeridepartementet. Det hadde medlemer frå forvalting, næring og forskingsmiljøa.

— Utvalet vurderte alle mogelege måtar å merke oppdrettsfisk på. Dei konkluderte med at DNA-Beredskapsmetoden burde testast ut nærare, og alt i 2006 gjorde vi dei første testane, seier Skaala.

I dag er metoden internasjonalt anerkjent, og rekna for å vere den beste og enklaste måten å spore rømt oppdrettsfisk på.

— Metoden er ein del av Fiskeridirektoratet si verktøykasse i samband med urapporterte rømingar. Den har bidratt til bøtelegging ved fleire tilfelle, seier han.

Laks som hopper i oppdrettsanlegg

Treng ikkje merke fisken

— Ein av dei største fordelane med denne metoden er at det ikkje er nødvendig å merke oppdrettsfisken, vi treng berre fisken sitt DNA, seier forskaren.

Dette gjer at det heller ikkje trengst store register eller databasar til å oppbevare informasjonen om fisk eller ulike oppdrettsselskap.

— Metoden er svært enkel og effektiv. Vi treng verken register med opplysningar om ulike merkeseriar eller oversikt over korleis fisk har vore flytta gjennom produksjonskjeda frå smoltanlegg, til matfiskanlegg og deretter til slakteanlegg, seier Skaala.

Ein annan fordel med metoden er at lokale fiskarar ikkje treng å ta prøvar og plukke ut eventuelle merke frå fisken.

Forvaltinga må reagere fort

Metoden bygger på kunnskapen om at rømt laks held seg i området ei stund før den etter kvart spreier seg på veg mot elv eller hav, og eventuelt blandar seg med rømlingar frå andre anlegg.

— Dette gjer at Fiskeridirektoratet må reagere fort dersom det vert oppdaga at det har vore ei urapportert rømming i eit område, avsluttar Skaala.

Oppdatering 15.08.2019

Les sak hos Fiskeridirektoratet: DNA-sporinger førte til politianmeldelse og gebyr

 

Sidepanel

Kontakt