Har gjort snurrevad til ein presis fiskereiskap

vlcsnap-2018-01-08-11h47m25s211.png

Fangstforskarane har testa dei nye snurrevada på tokt med "Ballstadøy".

Fotograf: Ólafur Arnar Ingolfsson

Snurrevad er så effektive at sekken med fisk kan bli uhandterleg stor. I tillegg har det vore vanskeleg å unngå bifangst. Sidan 2013 har fangstforskarane ved HI jobba med å redesigne reiskapen.

Artsseparasjon er éin del av det nyleg avslutta prosjektet. Forskarane fann at ved å utnytte fiskane si eiga åtferd, kan du fiske målretta etter art.

– Hysa søker oppover i det han blir leia inn i snurrevadet. Ein horisontal vegg i opninga lar oss sluse hysa og torsken inn i to ulike «kammer». Deretter kan vi la éin art gå ut gjennom fluktopningar. Det er dermed mogleg å redusere mengda torsk eller hyse når du har begrensa kvote på den eine arten, fortel prosjektleiar Ólafur Ingolfsson.

(Sjå faktaark om torsk-hyse-seleksjon: hi.no/filarkiv/2015/03/seleksjon_torsk_hyse_snurrevad.pdf)

Med eit anna snurrevad kan fiskarane sikte seg inn på flyndra for tid og stad der dei vil unngå å fange torskefisk. Dette snurrevadet går langs botnen, med ei opning som berre er 60-70 centimeter høg. Den fangar flyndrene på botnen, men både torsk og hyse svømmer over og slepp unna. På temasida kan du lese meir om dette snurrevadet og sjå video av det i aksjon.

Med ei vertikalopning på berre 60-70 centimeter, er det først og fremst flyndra som hamnar i sekken. (Foto: Ólafur Arnar Ingolfsson)

Eit anna delprosjekt begrensar heile fangsten.

Lar fiskarane fiske mindre

– Det kan verke lite logisk å skulle begrense fangsten sin, men han kan rett og slett bli for stor. Utan fangstbegrensing, kan du få 5 tonn i eitt kast og 50 i det neste. For stor fangst gir dårlegare kvalitet på fisken. Det kan også oppstå farlege situasjonar når sekken med fisk blir uhandterleg for skip og mannskap. Særleg gjeld dette for mindre fartøy, seier Ólaufur Ingolfsson.

Ved å «knyte igjen» sekken som fisken blir slusa inn i, for eksempel på midten, kan du styre kor mange tonn du maksimalt vil ha. Liten sekk gir færre fisk og stor sekk meir fisk. Når sekken er fylt, opnar det seg to flukthol i snurrevadet som slepp ut overflødig fisk. Sjå animasjon:

Det nyutvikla systemet for fangstbegrensing er allereie tatt inn i regelverket.

Prototyp opnar knuten på 30 meters djup

I eit avleggar-prosjekt har forskarane testa ut ein mekanisk sekkeopnar. Med fangstbegrensinga vil fisken etter kvart fylle den fremre delen av sekken. På veg opp frå djupet løyser ein trykkaktivert mekanisme ut knuten midt på sekken. Då opnar han den ekstra seksjonen, og volumet i sekken aukar.

– Nå ligg ikkje fisken like tett, og sekken blir lettare å tømme for mannskapet. Overlevingsprosenten er venta å bli høgare, slik at meir fisk kan leverast levande. Men hovudmålet med sekkeopnaren var først og fremst handterlegheita, fortel Ólafur Ingolfsson.

Kamera er vendt bakover mens snurrevadet blir dratt inn. Sekkeopnaren opnar ein ny seksjon som fisken kan flytte seg bak i. (Foto: Ólafur Arnar Ingolfsson)

Prosjektet er finansiert i samarbeid med Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond. Sekkeopnaren er utvikla i samarbeid med teknologifirmaet Fosstech AS.

– I tillegg har Fiskeridirektoratet og fiskerinæringa bidroge aktivt i prosjeket. Det gode samarbeidet har gjort at vi har fått resultat og løysingar som no er i bruk i næringa, avsluttar Ólafur Ingolfsson.