Flyr ekkolodd til fiskestimen med drone

HI-040243.jpg

Drone med ekkolodd hengende under.

Prinsippet er enkelt: Ein multikopter-drone flyg over sildestimane og «duppar» eit vitskapleg ekkolodd frå ein 9 meter lang kabel. Dette sender data om fiskestimen tilbake til båten i sanntid. Same metode kan forbetre måling av stimstørrelse i notfangsten mens det framleis er råd å sleppe han.

For store fangstar kan gå ut over kvaliteten på fangsten, fiskevelferd og sikkerheit om bord. For små fangstar er gjerne ikkje lønsame å fiske på i det heile. Innblanding av feil art, kan gjere det endå mindre lønsamt.

Droneekkoloddet utfyller sonaren

Sonaren i båten kan måle på avstand kor stor ein fiskestim er i utbreiing, men det er vanskelig å få nøyaktig estimat av fisketetthet. Ekkolodd kan derimot sjå art, størrelse og tettleik, men berre rett under ekkoloddet. Ein kombinasjon er derfor løysinga.

Praksis er likevel ikkje heilt enkelt. Forskar Maria Tenningen er no tilbake frå tokt med «Eros» der ho har testa det nyutvikla systemet.

– Båten gir forstyrringar på kompasset til dronen. Derfor må pilotane flyge manuelt. I tillegg gir sonaren på eigen og andre båtar støy på ekkoloddet, slik at bilda blir verre å tolke, seier Tenningen.


Beviste at det går

Ho er likevel nøgd med forsøket, som må reknast som eit «proof of concept».

– Vi fekk det vi ville ha, målingar av fisk visualisert i sanntid, seier ho.

– De hadde roleg vêr denne gongen. Korleis vil dronen takla vind og stor sjø?

– Dette var ein avgrensa test med flytid på berre 15 minutt. Men vi veit at denne dronen er følsam for vind og regn. For bruk i ein fiskesituasjon, vil det vere nødvendig å bruke eller utvikle ein annan type drone, seier ho.

Tenningen ser føre seg ei framtid der ei slik drone vil fly rundt og måle stimane på eiga hand.
Ekkolodd-dronen er eit samarbeid mellom HI, Birdview og Simrad.