Gå til hovedinnhold

Ueren vert sett under lupa


HI 041204

Kjell Nedreaas, Geir Kristian Bjørneset og Christine Djønne er i gang med undersøke uer på fiskelaben. Foto: Torhild Dahl / Havforskingsinstituttet

Fotograf: Torhild Dahl

— Vi ser at snittalderen på vanleg uer i fangstane til fiskarane aukar sakte men sikkert. Det betyr at lite ny fisk kjem til, fortel forskar Kjell Nedreaas. 

Saman med fleire forskarar på Havforskingsinstituttet er han i gong med å undersøke kva som skjer med både vanleg uer, snabeluer og lusuer. Ei av oppgåvene er å undersøke fisk som fiskarar har fanga.

— Prøvar frå fangstane til fiskarane er eit viktig kunnskapsgrunnlag, og viser mellom anna om observasjonane som dei gjer på havet stemmer med korleis Havforskingsinstituttet ser på bestandssituasjonen, forklarar Nedreaas.  

På fryselageret hos Havforskingsinstituttet har det blitt samla opp fleire prøver av uer. No vert dei undersøkt.

— For å hjelpe fiskarane med å kunne sjå forskjell på dei tre uerartane, skal forskarane artsbestemme fiskane som vi har fått inn. I tillegg registrerer vi og kjønn og alder, forklarar Nedreaas.

Uer frå ulike fiskebåtar står på rad og rekke og ventar på å bli undersøkt. Foto: Torhild Dahl / Havforskingsinstituttet

Tre nokså like artar

Dei tre uer-artane kan ved første augekast verke like.

— Når ein veit kva ein skal sjå etter, så er det ikkje så vanskeleg å sjå forskjell på dei, i alle fall ikkje så lenge dei er over 10 cm, seier Nedreaas.

Det held ikkje berre å sjå på ein pigg eller ei finne — hos ueren er det ei totalvurdering av fleire utvendige særtrekk som avgjer kva art det er.

— I tillegg kan vi sjå forskjell på artane når vi ser på øyresteinane. Når fisken er over 25 cm har øyresteinane hos dei ulike artane ulik storleik, så då må vi gjerne fram med vekta, fortel Nedreaas.

For like lange fiskar har lusuer dei største øyresteinane, deretter snabeluer medan vanleg uer har dei minste.

undersøking av uer
Nokre gongar må forskarane undersøke øyresteinane for å klare å skille dei tre uerartane. Øyresteinane er små beinstrukturar som ligg i hovudet til fisken, på biletet har Kjell Nedreaas funne fram pinsetten for å ta dei ut. Foto: Torhild Dahl / Havforskingsinstituttet

Snabeluer-bestanden er bygd opp igjen

Tidlegare var bestanden av snabeluer svært låg. Ved hjelp av ulike forvaltingstiltak har denne bestanden blitt bygd opp igjen. Dermed har ICES gitt høge kvoteråd for denne arten dei to komande åra.

For bestanden av vanleg uer er situasjonen ein annan:

— Vi ser at det er svært lite rekruttering til denne bestanden. Nesten all fisk som vert fanga er godt vaksen. Vi har nok fiska for hardt på denne bestanden over lang tid. Alderssamansetjinga i fangstane er derfor ein viktig indikator på om reguleringane er tilstrekkelege til å få ny rekruttering og vekst i bestanden, seier Nedreaas.

Ueren vart frosen rett etter at den var fanga og er oppbevart på frys fram til no. Foto: Torhild Dahl / Havforskingsinstituttet

Lev kvar for seg i yngleperioden

Uer parar seg om hausten og føder levande yngel i mars-juni (snabeluer tidlegast, lusuer seinast) etter ein "drektigheitsperiode" på 5—6 månader. Det gjer at hoer og hannar ikkje treng leve i same område i yngleperioden.

— Hos andre fiskeartar som til dømes torsk må det vere fisk av begge kjønn under gytinga sidan egga vert befrukta som ein del av gyteprosessen, forklarar Nedreaas.

Denne forskjellen frå andre fiskeartar gjer ueren utsett under fiskeri. I verste fall kan enten dei fleste hoene eller dei fleste hannane i eit område bli fiska opp på kort tid.

— At dei oppheld seg i slike kjønnsdelte grupper er årsaka til at fisket på denne arten ikkje startar før i slutten av mai. Då er hoene ferdige med å yngle, og dei vaksne fiskane oppheld seg saman uavhengig av kjønn, fortel Nedreaas.

Om undersøkinga

Dei ulike uerbestandane vert undersøkt som ein del av rutineoppgåvene til Havforskingsinstituttet. Prosjketleiar er Hannes Höffle.