Tema: Uerfamilien

HI-035664.jpg

Uer svømmende over koraller. 

Fotograf: Jan Helge Fosså / Havforskningsinstituttet

Det finst fleire arter av uer: vanleg uer (Sebastes norvegicus), snabeluer (Sebastes mentella) og lusuer (Sebastes viviparus). Vi omtaler dei to første. I tillegg har vi ein eigen bestand pelagisk snabeluer i Irmingerhavet. Den er samansett av to pelagiske bestandar som med ei viss overlapping i stor grad er åtskilde på djup.

HI-007349.jpg

Vanleg uer

Vanleg uer føder levande 4 til 6 mm stor yngel i april–mai. Paringa går føre seg om hausten, og i yngleområdet om våren kan det difor vere reine hofisk-konsentrasjonar.

HI-037181.jpg

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

Snabeluer større enn 47 cm blir sjeldan observert, og ein fisk på denne storleik kan vere frå 50 til 70 år gamal.

HI-031956.jpg

Pelagisk snabeluer i Irmingerhavet

Denne snabelueren er ein eigen oseanisk og pelagisk bestand (sannsynlegvis samansett av to bestandar) og lever frå 100 til 900 meters djup over eit botndjup på 1500–3000 meter. På grunn av sein kjønnsmodning og langsam vekst, er denne bestanden svært følsam overfor for sterk utnytting.