Gå til hovedinnhold

Ho forskar på verdas sterkaste dyr


Johanna 2

Johanna er klar til å representere HI i Forskar Grand Prix i Bergen. I hendene har ho ein tru kopi av FF Johan Hjort, laga av HI-skippar Bjørn Frode Grønevik. Foto: Øyvind Ganesh Eknes

Johanna Myrseth Aarflot jobba i næringslivet, men saknet etter biologien vart for stort. Sunnmøringen gjorde heilomvending, og no representerer ho HI i Forskar Grand Prix i Bergen. 

Om akkurat to veker står ti spente forskarspirer og trippar bak sceneteppet på Høgskulen på Vestlandet. 

Dei har pugga tekst, øvd på stemmebruk, terpa på framføringa. Men når det gjeld, får dei berre fire små minutt kvar til å fenge publikum og dommarar med forskinga si. 

Ein av dei ti er Johanna Myrseth Aarflot. 35-åringen frå Ålesund gler seg til å fortelje om verdas sterkaste dyr – som på ingen måte er ein svær elefant, men tvert imot ein liten, spretten hoppekreps. 

Hoppekreps i hovudrolla

Ein kopepode, meir kjent som hoppekreps, er berre 2 millimeter stor. Den er like fullt ein svært viktig liten skapning. 

– Hoppekrepsen er viktig mat for både fisk, sjøfugl, kvalar, maneter og fleire andre som bur i havet, fortel Johanna. – Den har det vi kallar ein «nøkkelrolle» i økosystemet. 

Hoppekrepsen er også ein viktig del av forskingsarbeidet som ligg til grunn for doktorgraden hennar, og spelar «hovudrolla» i framføringa under Forskar Grand Prix. 

– Eg forskar på om fisken som et hoppekreps, til dømes sild eller lodde, har nok mat. Og ikkje minst; klarer den å få tak i den maten som er der? Denne fisken brukar nemleg augo for å jakta på mat, og då treng fisken lys for å fange «verdas sterkaste dyr». 

– Det eg ser på, er om det er lettare for fisken å fange hoppekrepsen på grunna, der det er meir lys, enn nedi det mørkare havdjupet. 

Johanna forskar på ein liten kraftplugg: Berre 2 millimeter lang, men både sterk, rask - og ein viktig matbit for ei rekke artar. Foto: Terje van der Meeren/HI 

Akademisk «comeback» 

Det var ikkje heilt sjølvsagt at Johanna skulle ende opp med verken Grand Prix-deltaking eller doktorgrad i det heile tatt. 

Etter mastergraden var avslutta for ti år sidan, hadde ho lyst til å gjera noko anna. Ho jobba i næringslivet, og etter nokre år fekk ho jobb i turistforeininga. Arbeidet innebar (naturleg) nok nærkontakt med naturen – og då byrja ho å kjenne på saknet. 

– Eg skjønte at eg hadde sakna biologien så utruleg mykje! Eg måtte tenke over kva eg faktisk ville bruka livet mitt til, kva som er det aller kjekkaste å halde på med for meg - og det både var og er biologi. 

Fascinasjonen for korleis naturen heng saman har ho hatt sidan ho var lita. 

– Eg har alltid hatt lyst til å forstå verda rundt meg, korleis naturen fungerer og kvifor dyr oppfører seg slik dei gjer. 

Det mystiske, utfordrande havet 

Biologi er artig for Johanna – og ekstra spennande er det som skjer i havet. 

– Det er så annleis enn på land! Det er ikkje berre rett bort og fram, det er også opp og ned i vassøyla, det er så mykje som skjer som vi ikkje kan sjå med det blotte auga, smiler ho. 

Johanna har rett og slett funne svaret på kva ho ønska å bruke livet på: havforsking.

 – Det er utfordrande, det er alltid noko nytt, nye data å gripe tak i, nye ting å finne ut. 

Heftig begeistra: På HI-tokt for første gong, som engasjert student i 2007. Foto: Privat 

Om å «komme heim til HI» 

At det var ein doktorgrad på HI som lokka ho tilbake til forskinga, er heller ikkje tilfeldig. 

– Eg er utruleg glad i Havforskingsinstituttet. Då eg var masterstudent, fekk eg i to år på rad bli med ut på økosystemtokt med HI. Det var så kjekt. Eg fann nyleg ein e-post eg sende til familie og venner frå det første toktet mitt, då eg var 24 år. 

Brevet heim: eposten til familie og vener var full av nye inntrykk og opplevingar for studenten på førstereis. Foto: Privat 

 

– Det var så morosamt å lese, for eg boblar over av alt det spennande eg fekk vera med på, ler Grand Prix-deltakaren. 

– Så då eg mange år seinare kom inn dørene på instituttet igjen, og skulle byrje på doktorgraden her, då følte eg at eg var kommen heim. 
 

Forskar Grand Prix blir arrangert i Bergen 26. september. Dei to beste forskarane går vidare til den nasjonale finalen i Tromsø 29. september.